Vi samarbeider med fastlegar, NAV og andre relevante instansar der det er behov for det.
I tillegg til ordinær poliklinikk har vi eit fylkesdekkande behandlingstilbod for pasientar med tvangslidingar (OCD). OCD-teamet held til i poliklinikken ved DPS Molde.
Tilvisingar
Tilvisingane til oss kjem i hovudsak frå fastlege. Alle tilvisingar blir vurdert i inntaksteam fortløpende. Pasienten sin helsetilstand blir først og fremst vurdert ut frå opplysingane i tilvisinga, og difor er det viktig at denne inneheld relevante opplysingar om sjukehistorie, symptom, og forsøk på behandling.
Innan ti arbeidsdagar frå vi har fått tilvisinga skal vi ha vurdert den og sendt svar til pasienten med vår vurdering og eventuelt tidspunkt for behandling.
Sjekkliste for tilvising:
- Aktuelle symptom
- Aktuell funksjonsskildring
- Aktuelle kartleggingar/testar (eksempelvis MADRS)
- Kva behandling/oppfølging er gitt fram til no, og effekt så langt?
- Tidlegare psykiske helseplager
- Kjente psykiske helseplager i nær familie
- Somatisk status
- Medisinar (dato for siste endringar, og serumkonsentrasjon)
- Eventuell rusmiddel/legemiddelavhengigheit
- Cave
- Omsorg for barn
- Nettverk
- Pasienten sin motivasjon for behandling
Ved behov for akutt hjelp kan du kontakte vårt ambulante akutteam.
Allmennteama
Allmennteama tilbyr utgreiing og behandling til menneske over 18 år. Vi diagnostiserer og gir råd om vidare handtering, anten det er tilbakeføring etter den første utgreiingsfasen eller vidare behandling i poliklinikken. Vi lagar då individuelle behandlingsavtalar der mål, behandlingstype og lengd blir fastsette. Gjennom dette inviterer vi pasienten til å vere aktiv deltakar i sin eigen behandlingsprosess.
Pasienten sine mål kan mellom anna vere å oppnå:
- symptomlette
- auka innsikt i eigne problem og eigen sjukdom
- betre meistringsevne, livskvalitet og/eller auka funksjonsnivå
Tilbodet inneheld mellom anna:
- medikamentell behandling
- individuelle samtalar med ulike typar psykoterapi
- par- og familieterapi
- samarbeid med fastlege, sosialteneste og liknande (førstelinja) gjennom ansvarsgrupper, teamreiser, telefonkontakt m.m.
Når pasienten sitt behov for opplegg endrar seg, vil vi i samråd med pasienten søkje vedkomande til rett tilbod.
Rusteamet
Vurderingsinstans
Rusteamet er ein tverrfagleg spesialisert vurderingsinstans i samarbeid med Rusbehandlig Midt-Norge, og skal:
- Vurdere om pasientar som blir tilviste, har rett til spesialiserte tenester.
- Fastsetje frist for når ein seinast kan gi slik helsehjelp (behandlingsgarantidato).
- Vurdere behandlingstype (poliklinisk eller døgnopphald, korttidsopphald/langtidsopphald).
Rusteamet kan også tilrå eigna behandlingsstad.
Poliklinisk behandling
Rusteamet tilbyr poliklinisk behandling til menneske over 15 år, som opplev eigen eller andre sin rusmiddelbruk som problematisk. Det kan vere misbruk av alkohol, medikament, illegale narkotiske stoff eller andre rusmiddel.
Målet for denne delen av arbeidet vårt er å gi eit individuelt tilpassa behandlingstilbod, som kan medverke til at pasienten meistrar rusproblema og dei psykiske lidingane sine, og at både livskvaliteten og funksjonsnivået dermed vert betre.
Tilbodet kan inkludere individuelle samtalar, gruppeterapi og samarbeid med aktuelle instansar. Vi gir også råd og rettleiing til andre delar av hjelpeapparatet, og driv også med rusførebyggjande arbeid blant born og ungdom.
Teamet har eigen overlege og psykologspesialist. Personalgruppa er tverrfagleg samansett.
Gruppebehandlingsteamet
Gruppebehandlingsteamet gir tilbod til menneske over 18 år med langvarige psykiske problem, og der gruppebehandling er mest tenleg.
I dei ulike gruppene kan pasientane medverke mykje til kvarandre sine betringsprosessar. Vaksne menneske har eit stort utviklingspotensial, og kan forandre livsførsel og åtferd med vår bistand. Særleg i samhandling med andre er det mogleg å få betre innsikt i sin eigen livssituasjon, auka livsglede, sjølvtillit, tryggleik og tilknyting., og dermed også fungere betre mellommenneskeleg.
Vi samarbeidar også med ulike etatar om hjelp til utdanning og rehabilitering til arbeid.
Gruppebehandlingsteamet i Ålesund er no tilknytt det norske nettverket av psykoterapeutiske dagavdelingar. Du finn meir om psykiatrisk dagbehandling i Ålesund på dagbehandlingsnettverk.no.
Før du kan bli deltakar:
Du må ha tilvisning frå lege eller behandlar i spesialisthelsetenesta for å delta på gruppebehandlinga. Før oppstart i gruppe vil du få ei psykiatrisk utgreiing (om det ikkje er gjort tidlegare), du og gruppeterapeuten vil saman vurdere om gruppeterapi er rett tilbod til deg no.
Dei ulike gruppebehandlingstilboda:
Pedagogisk traumegruppe
Målgruppe: Personar som har diagnose PTSD, og personar som har erkjende traumeerfaringar utan nødvendigvis å ha fylt kriteria for ei PTSD-diagnose.
Målsetting:
- Stabilisering og meistring av ferdigheiter, ikkje bearbeiding av traumeminner.
- Gi reiskap til å handtere dei symptoma ein har gjennom auka forståing for effekten av traumet på dagleg fungering.
- Dette kan være første fase før en eventuelt vidare traumebearbeiding, for eksempel gjennom EMDR-behandling.
Tilnærming og metode: Pedagogisk gruppe med undervisning og øvingar med heimeoppgåver. Dette er ikkje ei samtaleterapigruppe, men i gruppa kan ein likevel utveksle eigne erfaringar som døme på dei tema det vert undervist om.
Rammer: Gruppene varer i 2 timer og møtast ein fast dag i veka i 10 veker.
8 deltakarer.
Tilvisning: Du må ha tilknyting til ein behandlar her i poliklinikken for å delta. Det er din behandlar som tilviser deg til gruppa, og fylgjer deg opp gjennom individuelle samtalar gjennom den perioden kurset varar.
Link til utskriftsvennlig brosjyre Pedagogisk traumegruppe.
Kognitiv leveregelgruppe
Målgruppe: Personar med interesse for kognitiv arbeidsmetode, som ønsker å endre uhensiktsmessige mønster i livet sitt
Målsetting:
- Å forstå sammenhengen mellom tidligere erfaringer og uhensiktsmessige reaksjonsmåtar i dag
Tilnærming og metode: leveregel-/skjemafokusert kognitiv terapi utvikla av Jefferey Young. Kombinasjon mellom kognitive og psykoanalytiske metodar
Rammer: Gruppene varer 2 timer og møtast ein fast dag i veka i 17 veker.
Max 8 gruppedeltakarar.
Det vert igangsett grupper når det er påmeldt mange nok deltakarar (3-4 gongar i året)
Lenke til utskriftsvennlig brosjyre kognitiv leveregelgruppe
Sjølvtillitsgruppe
Målgruppe: Personar som er lite sjølvhevdande, sosialt usikre og utnyttbare.
Målsetting:
- Betre deltakarane si evne til å kommunisere eigne ønsker og behov utan å bli sinte eller hemma av skuldkjensle.
- Lære å uttrykke eigne meiningar og ta eigne val.
Tilnærming og metode: Hovudsakleg kognitiv og mestringsorientert tilnærming
Tema: Reaksjonsmåtar, kroppsspråk, dine rettar som menneske, korleis be om det du har behov for, korleis bygge sjølvrespekt, gi og ta imot kritikk, ulike forventningar til menn og kvinner, vegen vidare.
Rammer: Gruppene varer 2 timer og møtast ein fast dag i veka i 10 veker.
8-10 gruppedeltakarar
Det vert igangsett grupper når det er påmeldt mange nok deltakarar
Lenke til utskriftsvennlig brosjyre sjølvtillitsgruppe
Mentaliseringsbasert pedagogisk gruppe
Målgruppe: Personar med svekka mentaliseringsevne, dvs svekka evne til å forstå sine eigne og andre sine følelsar, tankar og motiv.
Målsetting:
• Auke forståinga både for seg sjølv og andre i den personlige samhandlinga.
Tilnærming og metode: Pedagogisk gruppe med undervisning og øvingar med heimeoppgåver. Dette er ikkje ei samtaleterapigruppe, men i gruppa kan ein likevel utveksle eigne erfaringar som døme på dei tema det vert undervist om.
Rammer: Gruppene varer i 2 timer og møtast ein fast dag i veka i 6 veker.
10-12 deltakarar
Gruppa går to gongar i året, haust og vår
Lenke til utskriftsvennlig brosjyre Mentaliseringsbasert pedagogisk gruppe
Kurs for personar med bipolar lidelse
Målgruppe: Personar med diagnose innanfor bipolarspekteret, og deira pårørande.
Målsetting:
- Betra livskvalitet
- Auka sjukdomsforståing og medvit om livsstil
- Betre etterleving av medikamentell behandling
- Unngå rusmisbruk / sjølvmordsadferd
- Meistring av psykososiale konsekvensar av affektive episodar
- Betre sosial fungering mellom episodane
Tilnærming og metode: Manualbasert behandling. Fast agenda på kvart møte med gruppediskusjon og heimelekse.
Tema:
- Teori og faktakunnskap om bipolar lidelse
- Allment om behandling og medikamentell behandling
- Individuell kartlegging av eigne symptom og korleis forebygge nye affektive episodar
- Stressmeistring
- Rus, livsførsel, kontinuitet
- Pårørande, svangerskap og omsorg for born
Rammer: Gruppene varer 2 timer og møtast ein fast dag i veka i 10 veker
10-12 gruppedeltakarar
Deltakarane sine pårørande får tilbod om eit 10-timers kurs over to dagar i ettekant av pasientkurset, her går vi gjennom ein del av dei same temaene som i pasientkurset i tillegg til samtaler rundt det å vere pårørende.
Gruppa går to gongar i året, haust og vår.
Lenke til utskriftsvennlig brosjyre bipolar lidelse
Mentaliseringsbasert psykoterapigruppe
Målgruppe: Personar med langvarige angst- og depressive lidingar der anna behandling ikkje har ført til godt nok resultat. Personar som har store problemer med sjølvkjensla og sjølvkjensleregulering, og i forholdet til andre mennesker («personlighetsforstyrrelse»)
Målsetting:
- Redusere symptomer og plager
- Auke generelt funksjonsnivå
- Betre sjølvkjensle
- Betre forholdet til andre mennesker
- Betre kontroll og kontakt med kjensler
- Betre sjølvinnsikt
Tilnærming og metode: Mentaliseringsbasert gruppeterapi kombinert med individuelle samtaler.
Rammer: Gruppene varer 1 ½ time og møtast ein fast dag i veka. Den er «slow open», dvs at ho er ikkje tidsavgrensa og tek inn nye medlemmar når nokon sluttar. Deltakarane får tilbod om å vere med i 18 månader, og kan etter ei samla vurdering utvidast med ytterligere 18 mnd.
8 gruppedeltakarar
Lenke til utskriftsvennlig brosjyre Mentaliseringsbasert psykoterapigruppe
Bildeterapigruppe
Målgruppe: Personar som slit med å setje ord på vanskelege tankar og kjensler etter omsorgssvikt, kriser traumer/overgrep (individuell tilnærming bør vere prøvd først) og mobbing. Personar med langvarig angst og depressive lidingar og personlighetsforstyrrelsar.
Målsetting: Å få hjelp til å formidle tankar og kjensler gjennom å lage bilete og andre kreative uttrykksformer, og å bearbeide desse.
Redusere symptom og opne opp for personleg vekst og utvikling.
Bileta kan hjelpe ein til å nærme seg det som er vanskeleg å snakke om.
Den kreative prosessen er heilande, styrker motet, gir glede og håp.
Tilnærming og metode:
- Deltakarane kan uttrykke seg gjennom teikning, maling, leire, gips, plastelina, papir, collage, tekstilar og ord.
- Bildeterapi handlar om relasjonen mellom kunstuttrykk, pasient, terapeut og gruppa.
Rammer: Gruppene varer 2 timer og møtast fast ein dag i veka. Den er «slow open», dvs at ho er ikkje tidsavgrensa og tek inn nye medlemmar når nokon sluttar.
6-8 gruppedeltakarar
Lenke til utskriftsvennlig brosjyre billedterapigruppe
Analytisk psykoterapigruppe.
Målgruppe: Personar som slit med kjennslemessige konfliktar i mellommenneskelege relasjonar, der dette fører til angst, depresjon, fortviling, åtferdsproblem, kroppslege smertetilstander og liknande.
Målsetting:
- Fremme betre sjølvforståing og å etablere betre løysingar på kjennslemessige og relasjonelle problem.
- Gjennom dette arbeidet er målet å redusere symptom og opne opp for personleg vekst og utvikling.
Tilnærming og metode:
- Behandlingstilnærminga tek utgangspunkt i at mennesket alltid lever som eit knutepunkt i eit nettverk av relasjonar som påverkar kvarandre gjensidig.
- Gruppa blir som ein slags minimodell av samfunnet.
- Ved å dele personlege erfaringar, tankar og kjennsler med kvarandre, gjennom responsen frå dei andre gruppemedlemma og terapeuten, vil ein gradvis forstå og meistre ulike sider ved seg sjøl og i forhold til andre mennesker.
Rammer: Gruppene varer 1 ½ time og møtast ein fast dag ein gong i veka.
Den er «slow open», dvs at ho er ikkje tidsavgrensa og tek inn nye medlemmar når nokon sluttar.
Deltakarane må forplikte seg til å vere med i minimun 1 år, maksimum varigheit på deltaking i psykoterapeutisk gruppe er 3 år.
8 gruppedeltakarar
Lenke til utskriftsvennlig brosjyre Analytisk psykoterapigruppe
Korttids analytisk psykoterapigruppe.
Målgruppe:
Menneske som slit med kjenslemessige konfliktar i mellommenneskelege relasjonar, der dette fører til angst, depresjon, fortviling, åtferdsproblem, kroppslege smertetilstandar og liknande.
Målsetting:
Gruppeanalyse er ei behandlings-form som har som mål å fremme betre sjølvforståing og å etablere betre løysingar på kjenslemessige og relasjonelle problem. Gjennom dette arbeidet er målet å redusere symptom og opne opp for personleg vekst og utvikling.
Tilnærming og metode:
Denne type gruppe er ei tidsavgrensa analytisk psykoterapigruppe. Behandlinga er fokusert på avgrensa problem, for eksempel uhensiktsmessige interpersonlege relasjonsmønstre, som ofte vil kome til uttrykk i forholdet mellom deltakarane i gruppa, og gjere arbeid i «her-og-no» modus muleg.
Ved å dele personlege erfaringar, tankar og kjensler med kvarandre, gjennom responsen frå dei andre gruppemedlemmene og terapeuten, vil ein gradvis forstå og meistre ulike sider ved seg sjølv og sitt forhold til andre menneske.
Rammer:
Behandlinga omfattar 25 sesjonar à 90 minutt, og alle starter og avslutter samtidig. Gruppa møtast til faste tider ein gong i veka. 8 deltakarar.
Tilvisning:
Du må ha tilvising frå fastlege for å delta i gruppebehandling i spesialisthelsetenesta.
Eksklusjonskriterier:
Pasientar som har alvorleg depresjon. Gruppa er ikkje eigna som traumebehandling av PTSD. Det same gjeld pasientar som har hovuddiagnose innan rusmiddelmisbruk.
Erfaring viser også at bruk av vanedannande medikament i stor grad reduserer utbyttet av terapien.
Lenke til utskriftsvennlig brosjyre Korttids analytisk psykoterapigruppe.
Gruppekurs for personer med ADHD og deira pårørande - PEGASUS
Målgruppe: Vaksne med ADHD og deira pårørande
Målsetting: På dette kurset lærer du meir om ADHD, og kva ein kan gjere for å betre handtere dei utferdingar som ADHD kan medføre i kvardagen. Du får også møte andre i same situasjon, og kan dele erfaringar og få råd frå andre.
Tema:
- ADHD hos vaksne – en introduksjon
- Medikamentell- og psykologisk behandling av ADHD
- Livsstilsfaktorar og ADHD
- Strategiar og kognitiv støtte i kvardagen
- Leve med ADHD
- ADHD og relasjonar
- ADHD i arbeidslivet
- Støtte og tilbod frå samfunnet
Tilnærming/metode:
Undervisning frå forskjellige forelesarar om dei forskjellige tema
Det vil også vere tid til diskusjon og utveksling av erfaringar mellom deltakarane.
Rammer: Gruppene går over 2 ½ time ein fast ettermiddag/kveld i 8 veker.
10-12 deltakarar som kan ta med sine pårørande.
Det vil vere lett servering og kaffi.
Gruppa går to gonger i året, haust og vår.
Lenke til utskriftsvennlig brosjyre Gruppekurs for personer med ADHD og deira pårørande - PEGASUS
Gruppereglar
Konfidensialitet (teieplikt) Det er svært viktig at ting det vert snakka om i gruppa ikkje vert fortalt utanfor gruppa. Du kan sjølvsagt ønske å snakke om viktige ting med personar som står deg nær, men det er viktig at det ikkje vert nevnt namn og heller ikkje spesiell informasjon som kan identifisere andre personar i gruppa. Vår erfaring er at det svært sjeldan skjer brot på teieplikta i terapigrupper.
Oppmøte til rett tid Du vil sjølv merke at gruppa fungerer best når alle er tilstades og møter presis. Viss det av ein eller annan grunn ikkje er mogleg for deg å kome til gruppemøtet, gi beskjed i god tid på førehand slik at gruppa slepp å sitte og vente på deg!
Sosialisering med gruppemedlemmene Å ha sosial kontakt med gruppemedlemmene utanom terapitida vil lett føre til at du utviklar spesielle forhold som det blir vanskeleg for deg å vere åpen om i gruppa, og vil derfor virke som eit hinder på di utforsking av forholdet til dei andre. Derfor blir du tilrådd å avstå frå kontakt med andre gruppemedlemmer i fritida. I den grad du likevel har slik kontakt, er det viktig å snakke om det i gruppa.
Rusmidlar Når du er påvirka av rusmidlar vil du i større eller mindre grad endre deg som person, og vil ha ein endra måte å forhalde deg til deg sjølv og andre på. Dette vil vere forstyrrande for andre, og vil heller ikkje gi deg utbytte av behandlinga. Du vert vanlegvis beden om å gå heim dersom du er påvirka.
Fråver i gruppebehandling Viss du av ein eller annan grunn er borte frå gruppebehandlinga, ønskjer vi at du gir beskjed til ekspedisjonen. Dette er viktig fordi då veit terapeutane om det er noko spesielt som trengs å bli gjort. For gruppa er det viktig fordi tomme stolar utan at dei andre veit kvifor, som oftast skaper litt uro og unødvendig bekymring. Når du gir beskjed om fråver, slepp du også å betale eigendelen.
Viss du er borte to gongar etter kvarandre utan å gi beskjed, antan det gjeld gruppe eller dei individuelle timane, vil din individuelle terapeut/ kontakt ringe deg for å spørje om årsaka og snakke om eventuelle vanskar med å kome til terapien.
Eigenandel:
Du betaler ein eigenandel opp til frikort som ved eit anna poliklinisk besøk.
Etter at du har avslutta gruppeterapi:
For å få best nytte av behandlinga er det viktig at deltakarane engasjerer seg, bidreg i gruppene og er førebudd på å gjere endringar som hjelper dei å få det betre i livet. Utviklinga og endringsprosessen fortsetter etter behandlinga er over, deltakarar som er instilt på å sjølve ta ansvar for vidare tilfriskning vil få best resultat. Etter fullført gruppeterapi vil mange vere klar til å avslutte behandling, andre vil ha behov for meir behandling i spesialisthelsetenesta eller oppfølging frå kommunal helseteneste.