Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medikamentfri behandling, psykisk helsevern

Personar med for eksempel kronisk depresjon og angst eller langvarige relasjonsproblem/personlegheitsproblematikk vil kunne få tilbod om eit medikamentfritt behandlingsalternativ ved DPS Vegsund på Sunnmøre.

Vårt behandlingstilbod

I det medikamentfrie tilbodet har vi dagbehandling, poliklinikk og ein sengepost med tre senger. Vi tar imot pasientar frå heile regionen. Dette er eit intensivert, heilskapleg og kunnskapsbasert behandlingstilbod. Målet med behandlinga er at tett oppfølging, intensivering av tiltak og systematisk tilnærming, vil gi auka behandlingseffekt og endring som varer. Dine ressursar, målsetning og medverknad er i sentrum.  

Gjennom systematisk innhenting av tilbakemeldingar undervegs frå deg som bruker tilbodet, skal vi gjere individuelle tilpassingar og utvikle vår kunnskap om medikamentfri behandling av psykiske lidingar.

Vi bruker psykoterapi-forma ISTDP (Intensive Short Term Dynamic Therapy), då denne har vist seg å ha god effekt på pasientar med langvarig og samansett problematikk.
 
Behandlingstilbodet er eit regionalt prosjekt som svarer på bestillinga til Helse- og omsorgsdepartementet om medikamentfrie behandlingseiningar i kvar helseregion.

Tilvising og vurdering

Tilvising til medikamentfritt behandlingstilbod ved DPS Vegsund skjer via behandlaren din i spesialisthelsetenesta, psykisk helsevern for vaksne. Behandlaren din vil i lag med deg vurdere om dette er eit tilbod som du kan ha nytte av.
 
Fastlegen din kan tilvise deg til den lokale spesialisthelsetenesta med informasjon om at du ønskjer eit medikamentfritt tilbod. Den lokale spesialisthelsetenesta vil saman med deg vurdere om dette er eit eigna tilbod for deg.

Inntakskriterium

  • Låg funksjon, herunder tap av adekvat meistring på fleire sentrale livsområde
  • Behandlingsresistens: Pasienten har ikkje respondert adekvat eller som forventa på fleire kjende behandlingsforsøk (inkl. medikamentell behandling).
  • Kapasitet til å ha eit intrapsykisk fokus i vurderingssamtale.

Eksklusjonskriterium

  • Psykoselidingar
  • Bipolar liding type I
  • Dissosiativ identitetsforstyrring
  • Misbruklidingar som krev avrusing
  • Psykiske lidingar sekundært til medisinske tilstandar
  • Psykisk utviklingshemming
  • For dårleg meistring av norsk språk til hinder for behandling
  • Akutt suicidalfare
  • Historie på alvorleg utageringsproblem og store vanskar med impulskontroll.


Tilvisinga skal innehalde opplysningar om motivasjon for tilbodet, i tillegg til ei god utgreiing som inkluderer aktuell og tidlegare symptomatologi og behandling, diagnostiske vurderingar, livshistorie/anamnese, personlegheitsutgreiing, somatiske helseutfordringar, suicidalvurdering, aktuell og tidligare forhold til rus/avhengigheit, psykometri (helst MINI, SCID-2) og aktuell medikasjon.

Utredning

Behandling

Oppfølging

Kontakt

Vegsund DPS Vegsund

Kontakt DPS Vegsund

Oppmøtestad

Vegsundvegen 68
6020 Ålesund
Distriktspsykiatrisk Senter - DPS Vegsund

Vegsund

Vegsundvegen 68

Transport

​​Du kan ha rett til å få dekt nødvendige utgifter til og frå behandling. 

Sjekk dine rettar på helsenorge.no

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Måndag–fredag: kl 16.00–2100
Laurdag–søndag: kl 10.30–21.00
 
Eller etter avtale.
 
Både barn og vaksne, som er pårørande, må gjerne kome på besøk. Vi prøver å legge til rette for besøk av barn. Vi har ein del leiker og ein leikekrok i underetasjen.
 
Ta kontakt med personalet når du kjem.

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.