Lokal sikkerheitspsykiatri

Helse Møre og Romsdal (HMR), sjukehuset i Ålesund, er en høyspesialisert tjeneste med lokal funksjon for Møre og Romsdal fylke.

​Generelt om sikkerheitspsykiatri

Sikkerheitspsykiatri er den delen av psykisk helsevern som behandlar pasientar med aggresjons- eller valdsproblematikk, eller er i behov av spesielt personalintensiv behandling. Dei fleste pasientane i sikkerheitspsykiatrien har psykoseproblematikk, fleire pasientar har tilleggsproblem i form av rusmisbruk, sjølvskading og personlegdomsforstyrrelser. I sikkerhetspsykiatriske einingar arbeider helsepersonell som legar, psykologar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, sosionomar, vernepleiarar og hjelpepleiarar. Personalet har brei erfaring med pasientar som har vanskar med aggresjon, vald eller sjølvskading. Sikkerheitspsykiatriske einingar er ekstra godt bemanna og har spesiell tilgangskontroll med låst dør.

Pasientane får helsehjelp hovudsakleg med heimel i Psykisk helsevernslova kapittel 3 (tvungent psykisk helsevern) eller kapittel 5 (dom på overføring til tvungent psykisk helsevern). Nokre pasientar kan være innlagt i medhald av Straffeprosesslova § 188 (såkalla varetekssurrogat), evt. òg Straffegjennomføringsloven §§ 12 og 13.

For pasientar med dom på overføring til tvungent psykisk helsevern kan Statsadvokaten overprøve formelle vedtak.
For alvorleg psykisk sjuke pasientar med risiko for valdsåtferd har sikkerheitspsykiatrien eit særleg ansvar for å ivareta samfunnsvern. Det blir vektlagt at pasientane skal rehabiliterast tilbake til heimen.

Relevante dokument som beskriv tryggingspsykiatrien og psykiatrien generelt:


Stortingsmelding 25 Åpenhet og helhet
Stortingsproposisjon nr 63 Opptrappingsplanen for psykisk helse
Psykisk helsevernloven

Før innlegging

Henvisning til Lokal sikkerheitspsykiatri HMR vil i all hovudsak komme frå andre einingar i spesialisthelsetenesta (akuttpsykiatri). Dom om overføring til tvungent psykisk helsevern blir vedtatt av domstolane.

I perioden før innlegging kan møte med tilvisande instans og pasient være aktuelt, spesielt ved tilvising frå akuttpsykiatrien. Formålet vil være å hente inn ytterlegare informasjon og planlegge overføring til Lokal sikkerheitspsykiatri HMR.



Til deg som er dømt til tvungent psykisk helsevern
Rettsikkerheit ved tvang - Kontrollkomisjonene i det psykiske helsevern

Under behandling

Innhald
Tidlig i opphaldet blir det gjort diagnostisk vurdering, juridiske avklaringer, kognitiv utgreiing og funksjonskartlegging, herunder økonomiske forhold og evt. behov for verje. Strukturert vurdering av valdsrisiko blir jamleg gjort, og særlig ved betydelige endringar, ved permisjonar og ved utskriving. Der det er rusproblematikk vil dette òg bli eit tema under behandlingsperioden.

Alle pasientane har individuelle behandlingsopplegg, til dømes miljøterapi, samtaleterapi, ergoterapi, trening og anna fysisk aktivitet. I tillegg er medisin ein sentral del av behandlinga for mange. Alle pasientane skal få ein meningsfylt kvardag. Det er tilgang til fysisk aktivitet, til dømes faste turdager, sykling, gymsal, nærleik til svømmehall og turstier/ turterreng. Treningskjøkken og sosial trening via samtalegruppe, filmkveldar, fellesmåltid og fast quiz.

I god tid før utskriving blir det oppretta kontakt med neste behandlingsinstans. Gode og nyanserte funksjonskartleggingar og risikovurderingar blir lagt til grunn for utskrivingsplaner. Personalet har spesiell kompetanse og strenge rutinar for dette arbeidet.

Tett samarbeid med fleire er som regel sentralt, og det blir jamleg halde ansvarsgruppemøte, kor m.a. DPS, kommune, NAV, fastleger, verje, pårørande m.fl. møtest.

Pårørande
Pårørande er ein viktig ressurs for god rehabilitering, og det er ønskeleg med eit tett og tidleg samarbeid med dei pårørande. Kunnskap om dei psykiske lidelser hos den enkelte, behandling og framtidsutsikter er viktige for familiane. Pårørande deltar/ blir informert i behandlingsplanlegging og rehabiliteringsplanlegging ut frå dei individuelle forholda.

Teieplikt blir overheldt etter gjeldande reglar.

Etter utskriving

Utgangspunktet er at pasientar i psykisk helsevern skal rehabiliterast og skal tilbake til heimkommune og eigen bustad, evt. med tilrettelegging. Det er derfor viktig å hjelpa pasientane med å ha orden i økonomi, ein stad å bu og at pasienten skal kunne ha meiningsfulle aktivitetar etter utskriving.

Samarbeid
I samband med utskriving er bruk av krisemestringsplan/ Individuell Plan eit nyttig tiltak. Eit skjema blir utarbeidd i lag med pasienten, der vi prøver å fange opp faresignal og teikn til forverring i psykiske helse. Tilpassa tiltak for å førebygge ytterlegare forverring er beskrive i krisemestringsplanen.

Etter utskriving vil Lokal tryggingspsykiatri HMR vanlegvis halde kontakt med pasient og med det kommunale hjelpeapparatet i ein periode. Dette kan være i form av deltaking i ansvarsgrupper, samarbeidsmøte, eller rettleiing. Lengda på dette samarbeidet vil variere ut frå behov. Målet er at den lokale psykiatritenesta kan gi tilpassa og forsvarleg oppfølging på heimstaden.

Ambulant verksemd
Behandlingsteamet legg til rette for ein trygg rehabiliteringsprosess ved å utforme rehabiliteringsplanar, og følgje opp pasientar før, under og etter utskriving. Teamet samarbeider tett med andre nivå i helsevesenet. Ambulant team tilbyr rådgivning.

Kompetanse
Vi arbeider stadig med fagutvikling og kunnskapsformidling innan sikkerheitspsykiatri og andre kompliserte, samansette psykiatriske tilstandar. Vi tilbyr rettleiing og hjelp til kompetanseoppbygging i handtering og risikovurdering av denne typen problemstillingar i andre deler av klinikken og i kommunehelsetenesta.

 
 
Fann du det du leita etter?