Føde-barsel Molde
Her er informasjon til deg som venter born. Fødeavdelinga i Kristansund er stengt, og det betyr at dei som har Kristiansund sjukehus som sitt lokalsjukehus også skal føde i Molde. Fødslar før svangerskapsveke 35 og fødslar som krev utvida oppfølging og behandling skjer ved Ålesund sjukehus.
Føde/barsel ved Molde sjukehus flyttar til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset den 23. april 2025.

Kontakt
Telefon
Fødeavdelinga Molde
71 12 17 60Fram til 23. april kl 08:00. Dette nummeret skal du ringe når du trur at fødselen er i gang. Nummeret skal difor ikkje brukast for å søke råd om generelle svangerskapsplager. Ta i tilfelle kontakt med din fastlege eller jordmor på helsestasjonen for dette.
Fødeavdelinga Hjelset
71 11 63 40Frå 23. april kl 08:00. Dette nummeret skal du ringe når du trur at fødselen er i gang. Nummeret skal difor ikkje brukast for å søke råd om generelle svangerskapsplager. Ta i tilfelle kontakt med din fastlege eller jordmor på helsestasjonen for dette.
Ekstra telefonnummer
954 16 122Dette er eit alternativ om ein ikkje får svar på førstnemnde nummer. Dette nummeret er berre tilgjengeleg fram til 24. april kl. 12.00
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Molde sjukehus: Møt i 4. etasje – fødeavdelinga.
Ring oss før oppmøte.

Molde sjukehus
Parkvegen 84
6412 Molde
Følg oss på Instagram
Følg oss for nyttig informasjon og eit innblikk i vår spennande kvardag. Her får mellom anna innlegg med omvising på føden, barsel og barselhotellet.

Praktisk informasjon
Videoar om barseltida
Informasjon om dagane etter fødsel og den første tida heime.
