Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Akuttmottak Volda

Pasientane kjem til oss via fastlege/legevakt, eller som akutt hjelp på grunn av akutt sjukdom eller skade. Her blir pasientane vurderte av sjukepleiar og lege, som startar nødvendig behandling og undersøkingar før pasienten blir skriven inn på aktuell avdeling. Nokre pasientar blir skrivne ut og/eller vidareformidla til andre behandlingsinstitusjonar.

Vi har også ansvaret for legevaktsformidlinga på søre Sunnmøre, og nattlegevakta for søre Sunnmøre er lokalisert ved akuttmottaket.

Slik finn du fram

En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1

Praktisk informasjon

​Pårørande kan vere ein ressurs både for pasienten og personalet, men av omsyn til drifta må vi nokre gongar avgrense talet på pårørande inne hos pasienten. Enkelte behandlingssituasjonar er ikkje eigna for følge av pårørande. Dette vil du få informasjon om av sjukepleiar i akuttmottaket.

Prioritering i akuttmottaket - kvifor må eg vente?

Vi bruker eit prioriteringssystem (triagesystem) som skal sikre at det er dei sjukaste som får legehjelp først.
Les om korleis prioriteringa fungerer
Illustrasjon i vector. Pasientar som ventar i akuttmottaket.

Stemmer medisinbruken din med opplysingane vi har?

Sjå video der vi følger pasienten frå mottak, via sengepost og til utskriving.
Slik får vi oversikt over medisinane dine (video på vimeo.com)
Pasient helsar på helsepersonell ved sengepost.