Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dagkirugi Volda

Dagkirurgen i Volda utfører inngrep innan følgande fagområde: ortopedi, gynekologi, urologi og bløtdelskirurgi.

Lokale

Dagkirurgi Volda er ei lita eining som ligg i nærleiken av intensivseksjonen og har god tilgang på kompetent personale. Hausten 2020 opna Dagkirurgi Volda i nye og oppgraderte lokale, og har no fire overvakingssenger og fire kvilestolar. 


Kompetanse

Personalet som arbeider fast ved seksjonen er i hovudsak sjukepleiarar og intensivsjukepleiarar. Vi jobbar tverrfagleg saman med operatørar, anestesilegar, anestesi- og operasjonssjukepleiarar. Ulike formar for smertelindring og narkose blir nytta for at pasienten skal ha det best mogleg under og ei tid etter inngrepet. 


Vi har over tid skåra høgt på pasienttilfredsheit og jobbar kontinuerleg for å oppretthalde dette. 

Vi er stolte over å ha mange dyktige operatørar som kan gi den beste behandlinga innanfor sine fagfelt!

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Møt opp ved hovudinngangen og ta heisen til 2. etg. På høgre hand vil du sjå ei raud dør merka "Dagkirurgi". Velkommen til oss!

En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1

      Vi har ingen ventetid på lyskebrokk-operasjonar

      Vårt team på Volda sjukehus står klare til å ta imot deg!
      Les meir om tilbodet
      Teamet ved dagkirurgen i Volda