Di historie tel - brukarhistoriekurs
Viktig erfaringsutveksling mellom brukarar og lærdom til å utvikle si eiga historie.

Igjen arrangerer Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal kurs for personar med ei sjukdomshistorie som ønsker å dele sine erfaringar med andre.
"Har lært masse, fått inspirasjon, ny innsikt og truffet så kjekke mennesker. Veldig takknemlig for at slike kurs finnes - uvurderlig!" Tilbakemelding frå deltakar.
Kurset er spesielt retta mot dei som har hatt ein diagnose ei stund og ønsker å formidle korleis dei meistrar kvardagen med denne diagnosen. Erfaringsutveksling mellom deltakarane gir verdifull innsikt, og etter kurset kan ein til og med bli leigd inn som brukarrepresentant på kurs og gruppetilbod for pasientar og pårørande.
Dersom du sit med erfaringar frå eigen sjukdom og ønsker å dele dei med andre, er dette ein flott moglegheit!
Ålesund 11. og 17. september.
Molde 5. og 12. september