Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brukerhistoriekurs våren 2025

Det er tid for ei ny runde med brukarhistoriekurs. Denne våren blir kurset holdt på Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset.

Publisert 27.01.2025
Sist oppdatert 05.02.2025
Bilde av en eng med trær i bakgrunnen i solnedgang

Foto: Marita Øye

Kurset er for personar og pårørende med ei sjukdomshistorie som ønsker lærdom til å utvikle si historie. Erfaringsutveksling mellom deltakarane gir verdifull innsikt, og etter kurset kan ein bli leigd inn som brukarrepresentant på kurs og gruppetilbod for pasientar og pårørande.

I kurset vil ein gå innom teori om meistring og innhold i brukarhistorie, presentasjonsteknikk, teori og eksempel frå erfarne brukarrepresentantar. I tillegg vil du få muligheit å arbeide med eiga historie med veiledning.

Kurset er gratis og foregår frå kl.16:30-20:00. 

Dato for kurset:

  • 29. april
  • 6.mai

Dersom du sit med erfaringar frå eigen sjukdom og ønsker å dele dei med andre, er dette ei flott moglegheit.

Sjå kurskatalogen vår for meir detaljert informasjon om kurset og påmelding, eller kontakt ein av Lærings og meistringssenteret sine rådgivarar.