God dialog rundt pasient- og pårørandeopplæring
Førre veke inviterte Lærings- og meistringssenteret i HMR brukerutvalet og ulike brukar- og pasientorganisasjonar i fylket til dialogkafé i Ålesund. Møte resulterte i gode samtalar der fleire ulike tema vart drøfta.

Brukarmedverknad er eit kjerneomgrep innan læring og meistring, og samarbeid mellom Lærings- og mestringssenteret (LMS), pasientorganisasjonane og brukarutval er viktig i arbeidet med kurs- og gruppeopplæring for pasientar og pårørande.
Under dialogkaféen i Velferdssalen ved Ålesund sjukehus 7. februar, diskuterte dei godt over 20 oppmøtte, fleire ulike tema innanfor betring av pasient- og pårørandeopplæring og korleis dra nytte av kvarandre. Der tema som behov og kvalitet, pårørande, teknologi, marknadsføring og samhandling var eit fokus.
Etter positive tilbakemeldingar ynskjer Lærings- og meistringssenteret å fortsette å arrangere slike møtepunkt mellom brukarorganisasjonar og LMS halvårlig, neste gong er tenkt i Kristiansund 5. september 2023.
Ta kontakt med ein av oss ved Lærings- og meistringssenteret om du har idear eller lurer på noko. Du finn kontaktinformasjon nedst på sida.

Frå dialogkafé mellom brukarorganisasjonar og LMS, februar 2023
