Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kurstilbod for personar i kontakt med barn og unge med epilepsi

19.septemeber arrangerer Helse Møre og Romsdal digitalt kurs for foreldre/føresette og fagpersonar som er i kontakt med barn og unge med epilepsi. Ein vil få kunnskap om kva epilepsi er og korleis ein kan møte barn og unge med epilepsi i kvardagen. Gjennom kurset ønskjer ein å skape forståing og meistring i rolla som foreldre/føresett og som fagperson.

Publisert 13.08.2024

Meir om Epilepsikurset

Kurstilbodet er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal ved Poliklinikk barn og ungdom Ålesund, Habilitering barn og ungdom Kristiansund, Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal og Epilepsiforbundet. Kurset er for foreldre/føresette og fagpersonar, som til dømes helsepersonell eller tilsette i barnehage og skule.

Foredragshaldar har tverrfagleg bakgrunn som spesialsjukepleiar, lege, sosionom, erfaren brukarrepresentant frå Epilepsiforbundet, spesialpedagog frå Spesialsykehuset for epilepsi (SSE). 

Kurset er 19.september mellom kl.08:45-1600. Det vert lagt opp til digitale forelesingar, men det er også tid til å kunne kome med spørsmål eller utveksle erfaringar.

Les utfyllande informasjon om kurset i kurskatalogen.

 

Utdrag frå programmet*

  • Kva er epilepsi og anfallshandtering
  • Tankar rundt sjukdom i familien
  • Meistring
  • Pedagogiske konsekvensar
  • Brukarhistorie
  • Rettigheiter
  • Presentasjon av Epilepsiforbundet

*med atterhald om endringar

 

Påmelding/tilvising

Foreldre blir meldt på når det blir sendt tilvising til kurset i barnet sitt navn. Fastlege eller annan behandlar kan sende tilvisinga elektronisk til Poliklinikk barn og ungdom, Ålesund.

Tilvisinga må innehalde e-postadresse samt informasjon om det er andre pårørende som deltek saman med deg. E-postadressa er viktig, då det er her du mottek lenke til sjølve kurset og program. 

NB. Foreldre til barn som allereie får oppfølging i HMR hjå habilitering eller poliklinikk for barn og ungdom, trenger ikkje ei slik tilvising. Desse kan melde seg på same måte som fagpersonar (sjå under).

Fagpersonar treng ikkje tilvising, men må melde seg på ved å kontakte Poliklinikk barn og ungdom Ålesund, ved kontaktperson Annie M. J. Torbjørgson på telefonnummer 95 11 52 77 eller via ekspedisjon tlf.nummer 70 16 75 50. Det er viktig at du oppgir e-postadresse for å få tilsendt kurslenke og oppgir navn på alle tilsette dersom fleire fagpersonar skal følge undervisninga frå same stad. 

 

Velkommen til kurs!