Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Epilepsi - foreldre/fagpersonar - Digitalt

Digitalt kurs for fagpersonar og foreldre/føresette til barn og unge med epilepsi.

19.
september
2024
  1. 19. sep. 2024

Tid og stad

Når

  1. 19. sep. 2024

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

i samarbeid med Epilepsiforbundet og Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal

Kvar

Ålesund sjukehus
Digitalt

Foreldre til barn som allereie får oppfølging hjå habilitering eller poliklinikk for barn og ungdom, treng ikkje henvisning. Disse kan melde seg på på same måte som fagpersonar.

Ynskjer du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising. Foreldre/føresette meldast på når det sendast tilvising til epilepsikurs på barnet/ungdomen sitt namn. Tilvisinga sendast elektronisk til poliklinikk barn og ungdom, Ålesund sjukehus.

Det må kome fram i tilvisinga kven av føresette som deltek, hugs også å oppgi e-postadresse. 

Fagpersonar treng ikkje tilvising frå lege men må melde seg på ved å kontakte Poliklinikk barn og ungdom gjennom ved kontaktperson Annie Torbjørgson på tlf. 95 11 52 77 eller via ekspedisjon Pol. barn og ungdom Ålesund på tlf. 701 67 550.  Det er viktig at du oppgir e-postadresse for å få tilsendt kurslenke og oppgir navn på alle dersom fleire fagpersonar skal følge undervisninga frå same stad. 

Praktiske opplysningar

Digitalt kurstilbod. Kurset er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal ved poliklinikk barn og ungdom ved Ålesund sjukehus, habilitering barn og ungdom ved Kristiansund sjukehus, Lærings- og meistringssenteret og Epilepsiforbundet.

Du vil få tilsendt lenke på e-post til det digitale kursrommet frå Norsk Helsenett i forkant av kurset etter at tilvisning er sendt. Sjå informasjon under den klikkbare lenka Tilvisning over korleis du som føresett eller fagperson skal sende henvisning/ påmelding. Hugs å oppgi dersom det er spesielle behov ein skal ta omsyn til.

Les meir om digitale kurs- og grupperom her

Kvifor delta på kurs

Med kurset ynskjer vi at foreldre/føresette og fagpersonar som til dømes skule- og barnehagetilsette skal få auka kunnskap om kva epilepsi er og korleis ein kan møte barn og unge med epilepsi både i heimen og i skule- og barnehagekvardagen. Vi ynskjer å skape auka forståing og meistring i rolla som forelder/føresett og fagperson. 

Vi oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa om det er mogleg.

Innhald

Tema for kurset*:

  • Kva er epilepsi og anfallshandtering
  • Tankar rundt sjukdom i familien
  • Meistring
  • Pedagogiske konsekvenser
  • Brukarhistorie
  • Rettigheiter
  • Presentasjon av Epilepsiforbundet

* Med atterhald om endringar i tema/program, dette gjeld også føredragshaldarane.

Kurset vert lagt opp til digitale førelesingar, men det er også tid til å kunne kome med spørsmål eller utveksle erfaringar.

Føredragshaldarane har tverrfagleg bakgrunn som spesialsjukepleiar, lege, sosionom, erfaren brukarrepresentant frå Epilepsiforbundet, spesialpedagog frå Spesialsykehuset for epilepsi (SSE). 

Rettar, eigenandel og opplæringspengar

Ingen eigenandel.

Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for eit born med lagvarig sjukdom. Opplæringspengar bereknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med under opplæringa.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Epilepsiforbundet

Spesialistsykehuset for epilepsi (SSE)

Kontakt