Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasient- og pårørandeopplæring for våren 2024

Visste du at Helse Møre og Romsdal tilbyr kurs- og gruppetilbod for brukarar, pasientar og pårørande?

Publisert 17.01.2024
Sist oppdatert 19.01.2024
Mor med barn i en sofa
Foto: colourbox

​Har du​ eller kjenner du nokon som har ei helseutfordring? 

Det fins over 120 ulike kurs- og gruppetilbod i fylket vårt. Lærings- og meistringstilboda finn stad ved dei fire sjukehusa i fylket, er oftast i grupper og fleire av tilboda er digitale der du kan delta uavhengig kor du bur. Du finn informasjon om pasient- og pårørandeopplæring, dine rettar og kurstilboda ved å klikke på den grøne boksen nedst i artikkelen. Du finn alle tilboda ved å klikke på kurskatalogen til HMR. Søk gjerne opp på aktuell diagnose relevant for deg.

Eit av tilboda vi ønsker å trekke fram er tilbod for pasientar med osteoporose ved Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus. Ver merksam på at du som regel treng tilvising frå fastlegen din eller behandlar i spesialisthelsetenesta til kurstilboda. Etterspør gjerne dette neste gong du har ein time! 

Helseføretaket er i prosess med innføring av journalsystemet Helseplattformen. Det vil likevel bli gjennomført kurs- og gruppetilbod tilnærma normalt og vi ønsker tilvising til kursa som normalt. Det kan vere at nokre kurs vert flytta på eller utsatt.

Meir om lærings- og meistringstilbod 

Formålet med lærings- og mestringstilbud er at pasientar, brukarar og pårørande skal 

  • få informasjon, kunnskap og bistand til å handtere sjukdom og endringar i helsa 
  • førebygge eller hindre utvikling av sjukdom og funksjonsnedsetting 
  • gi støtte til endring av levevanar for å fremje fysisk og psykisk helse 
  • understøtte pasient og brukar sin eigen læringsprosess (henta frå Helsedirektoratet
​​
Lærings- og meistringssenteret (LMS) ønsker å tilrettelegge for at alle som har behov får eit tilbod om opplæring. Det er fagpersonar og helsepersonell ved  dei ulike sjukehusavdelingane som er fagleg ansvarlege for opplæringstilbodet. LMS er ein støttespelar i arbeidet i likeverdig samarbeid med helsepersonell og erfarne brukarrepresentantar som har kjennskap til korleis det kan vere å leve med den gitte helseutfordringa eller diagnosen. 
 

Har du spørsmål eller behov for å snakke med ein av rådgjevarane ved Lærings- og meistringssenteret kontakt: ​

Volda sjukehus: Rådgivar Camilla Kleppe Eidså, tlf. 90 53 13 24

Ålesund sjukehus: Rådgivar Jenni-Mari Dimmen, tlf. 90 55 19 30 
 
Molde sjukehus: Astrid Ljøkjell Solem, tlf. 93 09 18 16 eller
Camilla Slutås Lund, tlf.  41 68 45 64   

Kristiansund sjukehus: Monica Renate Hoem, tlf.​​​ 71 12 09 99
 

Pasient- og pårørandeopplæring

Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for pasientar og pårørande innanfor ulike diagnosegrupper både individuelt og i grupper.

Finn eit opplæringstilbod
Mor og barn