Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasient og pårørandeopplæring hausten 2024

Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for brukarar, pasientar og pårørande innanfor ulike diagnosegrupper både individuelt og i grupper. Sjekk ut tilboda som er tilgjengelege.

Publisert 02.09.2024
Sist oppdatert 07.10.2024
Lag på lag med hender frå menneske i ein sirkel

Foto: Colourbox.com

Meir om pasient og pårørandeopplæring

Pasient og pårørandeopplæring er ein av fire hovudoppgåver til helseforetaket, og finn stad ved dei fire sjukehusa i fylket. Lærings og meistringstilboda er oftast i grupper og fleire av tilboda er digitale der du kan delta uavhengig kvar du bur.

Det finst over 120 ulike kurs- og gruppetilbod i fylket vårt. Det er fagpersonar og helsepersonell ved dei ulike sjukehusavdelingane som er fagleg ansvarlege for opplæringstilbodet. Lærings og meistringssenteret er ein støttespelar i likeverdig samarbeid med helsepersonell og erfarne brukarrepresentantar som har kjennskap til korleis det kan vere å leve med den gitte helseutfordringa eller diagnosen.

Du finn informasjon om pasient- og pårørandeopplæring, dine rettar og kurstilboda ved å gå inn på pasient og pårørandeopplæring.

Du finn også alle tilboda ved å klikke på kurskatalogen til Helse Møre og Romsdal her. Søk gjerne opp på aktuell diagnose for deg.

Ver merksam på at du treng tilvising frå fastlegen din eller behandlar i spesialisthelsetenesta til kurstilboda.

Målet med lærings og meistringstilbod

Målet med lærings- og meistringstilbod er at pasientar, brukarar og pårørande skal 

  • få informasjon, kunnskap og bistand til å handtere sjukdom og endringar i helsa 
  • førebygge eller hindre utvikling av sjukdom og funksjonsnedsetting 
  • gi støtte til endring av levevanar for å fremje fysisk og psykisk helse 
  • understøtte pasient og brukar sin eigen læringsprosess (henta frå Helsedirektoratet
Lærings- og meistringssenteret (LMS) arbeider for å gjere opplæringstilbod kjent og ønsker å tilrettelegge for at alle som har behov får eit tilbod om opplæring. 
 
I desse dagar sender LMS ut oversikter/plakatar over tilboda ved dei enkelte sjukehusområda til legekontor, kommunar, apotek, brukarorganisasjonar, sjukehusavdelingar og andre aktuelle samarbeidspartar. Kontakt gjerne ein av rådgivarane ved spørsmål:
 

Volda sjukehus: Rådgivar Camilla Kleppe Eidså, tlf. 90 53 13 24 eller
Marita Øye, tlf. 99 15 79 40

Ålesund sjukehus: Rådgivar Jenni-Mari Dimmen, tlf. 90 55 19 30 
 
Molde sjukehus: Astrid Ljøkjell Solem, tlf. 93 09 18 16 eller
Camilla Slutås Lund, tlf.  41 68 45 64 
 
Kristiansund sjukehus: Astrid Ljøkjell Solem, tlf. 93 09 18 16 eller
Camilla Slutås Lund, tlf.  41 68 45 64
 
Følg oss gjerne på instagram:  lms_hmr  
 

Pasient- og pårørandeopplæring

Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for pasientar og pårørande innanfor ulike diagnosegrupper både individuelt og i grupper.

Finn eit opplæringstilbod
Mor og barn