Tilbod til deg som har hjertestartar
Det var ein nøgd gjeng som før sommarferien arrangerte kurs for personar som har fått operert inn hjertestartar. Dette er første gong ein kunne tilby kurset ved Ålesund sjukehus og ein er glade for at det vert nytt tilbod allereie i september.
Dersom du har hatt hjertestans, eller du har eller kan få former for farlig hjerterytme, kan det vere behov for å implantere ein hjertestartar (ICD). I Helse Møre og Romsdal tilbyr ein kurs for personar som har hjertestartar og deira pårørande ved både Ålesund og Molde sjukehus. Kurset i Ålesund gjeld pasientar tilhøyrande både Volda og Ålesund sjukehusområde og tilbodet i Molde dekker heile nordsida av fylket.
Kardiologisk sjukepleiar Elisabeth Flem og Elisabeth Solheim ved medisinsk poliklinikk, Ålesund og Espen Ervik, rådgivar ved Lærings- og meistringssenteret er arrangørar av tilbodet som vert gitt ved Ålesund sjukehus. Dei er særs nøgde med samarbeidet rundt første kurstilbodet. Det var godt oppmøte, deltakarane var nøgde og lærte mykje nytt.
ICD-kurset går over ein dag og innheld mellom anna tema og informasjon om behandling, pasientrettar, trening og fysisk aktivitet for pasientar med hjertestartar. I tillegg brukarhistorie og informasjon om Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL) , meistring, det å leve med hjertestartar og oppfølging via heimemonitor.
Klikk deg gjerne inn på Pasient- og pårørandeopplæring under for å søke opp meir informasjon om komande kurstilbod i Helse Møre og Romsdal. Det fins over 130 ulike kurs- og gruppetilbod for brukarar, pasientar eller pårørande innanfor mange ulike diagnoser.