Vil du bli tryggare i å undervise?
Då bør du melde deg på det årlege kurset i Helsepedagogikk i mai. Der får du moglegheit å bli tryggare i å undervise, rettleie og kommunisere. Kurset passar for både brukarrepresentantar, tilsette i kommunar og spesialisthelsetenesten som arbeider med brukar-, pasient- og pårørandeopplæring.
Kurs i Helsepedagogikk baserer seg på eit unikt samarbeid mellom Ålesund kommune, Frisklivssentralene i Kristiansund og Aure, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) og Lærings- og mestringssenteret i Helse Møre og Romsdal. Ungdomsrådet i HMR stiller også opp.
Målet med kurset er å gjere brukerrepresentantar og tilsette i stand til å gjennomføre og delta i opplæringstiltak for brukarar, pasientar og pårørende, i hovedsak gruppebaserte tilbod i helseføretak og kommuner. Tema i kurset er helsepedagogikk, brukarmedverknad, gruppeleiing, mestringsteori, kommunikasjon og digital opplæring samt arbeid med sjølvvalt temaoppgåve.
Kurset går over 2,5 dagar og vert holdt på dagtid mandag 2. mai 2022 (fysisk i Molde)
mandag 9. mai (digitalt) og tysdag 24. mai (stad avklarast, kveldstid).
Forma på kurset varierer mellom undervisning, gruppebasert arbeid samt jobbing med oppgåve. Sjå ytterlegare detaljar i kursprogrammet (pdf).
Lenke til påmelding kurs i Helsepedagogikk via Læringsportalen
Påmeldingsfristen er 20. april 2022. Vel møtt til eit spennande tilbod med fagleg påfyll!
For å lese meir om Helsepedagogikk kan du sjå på sidene tilNasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse