Arteriell blodgass er ei blodprøve blir brukt til å vurdere lungefunksjonen og balansen mellom oksygen og kulldioksid i blodet. Blodprøver blir vanlegvis tatt frå ei vene. Denne typen blodprøve er litt spesiell fordi vi må ta blod fra ei arterie (pulsåre). Oftast tek vi blodprøva frå pulsåra som ligg i handleddet.
Blodprøve av arteriell blodgass treng inga førebuing.
Legen vil først kjenner med to fingrar på undersida av handleddet ditt for å finne pulsslaga dine. Nåla stikkas i pulsåra og sprøyta fyllast med blod. Etterpå fjernar vi nåla og du får eit kompressjonsplaster på stikkstaden.
I enkelte tilfelle kan det ta litt tid før det sluttar å blø. Dette gjeld spesielt personar som går på blodfortynnande medisinar. Da vil lege/sjukepleiar halde ein kompresjon over stikkstaden til blødinga stoppar.
Det er sjeldan risikoforhold og komplikasjonar ved denne undersøkinga, men blødingar kan førekome. Dette gjeld spesielt personar som går på blodfortynnande medisinar.