Du får tilbod om oppfølging ved hjelp av digital eigenregistrering. Dersom du ikkje har fått eit slikt tilbod, men likevel er interessert i denne typen oppfølging, ta kontakt med Poliklinikk for diabetes og stoffskiftesjukdommar i Ålesund på tlf 70 10 56 20
Dette er ikkje ei løysing for umiddelbar hjelp. Kontakt legevakt eller ring 113 viss det hastar.
Under finn du ein nyttig informasjonsfilm om oppfølginga. Vi anbefaler at du ser denne om du ønsker informasjon om tilbodet, samt før du loggar deg inn for å gjennomføre eigenregistrering for første gang.