Elektrodar vert festa med ein krem og klistrelapp til hovudbotnen din.
Ei hette/bandasjestrømpe ytst hjelper til med å halde elektrodane på plass i 24 timar.
Elektrodane koplast til ein liten opptakar som kan berast i eit belte rundt livet eller i ein sekk på ryggen.
Du møter på poliklikken igjen neste dag for å kople i frå utstyret. Tidspunkt avtalast den dagen du får elektrodane påkopla.
Angåande små barn
Det er avgjerande for undersøkinga at ein ligg heilt i ro medan elektrodane festast på. Det er difor fint om vaksne følger dei minste barna. Ta gjerne med noko som kan hjelpe til å halde barnet roleg: til dømes ei flaske med drikke, smokk, leiker, bøker, video/dvd eller liknande.