EIA-test
EIB står for Exersice Induced Bronkokontriksjon. Ved bronkokonstriksjon trekker delar av luftvegane seg saman (bronkiane), og det blir tyngre å puste. Bronkokonstriksjon ved anstrenging er vanleg hos barn og unge med ubehandla eller dårleg behandla astma, og tidlegare kalla ein det Exercise Induced Asthma (EIA). Sidan bronkokonstriksjonen etter anstrenging også kan skje utan at ein har astma, har ein skifta nemning til EIB for å dekke begge delar. Frå 6–7 års alder blir EIB-testen gjennomført som ein tredemølletest, mens han for mindre barn blir utført som ein «herjetest» som inneber løping i gang/trapp.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen som tilviser til sjukehuset for EIB test.
Før
- Et frukost, men ver ikkje for mett rett før undersøkinga.
- Unngå fysiske anstrengingar same dag som undersøkinga.
- Ta med ledige klede som er lett å bevege seg i. Gjerne joggesko og treningstøy viss du har.
- Nokon astma-medisinar kan påverke resultatet av testen. Det er derfor viktig at du følger oppfordringane nedanfor:
- Dei siste 8 timane før testen skal du ikkje ta anfallsmedisin (av typen Beta-2-antagonistar / Ipratropium-bromid) som Ventoline, Airomir, Bricanyl, Ipraxa eller Atrovent, dersom ikkje anna er avtalt.
- Dei siste 24 timane før undersøkinga kan du ikkje ta langtidsvirkande medisinar (av typen Beta-2-antagonistar inkludert kombinasjonspreparat) som Serevent, Seretide, Symbicort, Oxis eller Relvar Ellipta.
- Dei siste 48 timane før undersøkinga kan du ikkje ta langtidsvirkande medisinar (av typen Leukotrienantagonister) som Singulair eller Montelukast.
- Inhalasjonsstereoid-ar som Pulmicort, Flutide, Aerobec eller Alvesco kan takast som vanleg.
Dersom du dei siste to vekene har hatt, eller har ein pågåande infeksjon i luftvegane, eller ei tydeleg forverring av astmaen din, må du ta kontakt med oss. Da kan vi vurdere om vi kan gjennomføre timeavtalen, eller om vi må sette opp ein ny time til deg.
Under
Testen blir helst utført på tredemølle, men ergometersykkel eller såkalla herjetest kan også nyttast. Belastningstestar er viktig for blant anna å måle yteevna, lungefunksjonen, surstoffkonsentrasjonen og hjartefunksjonen under fysisk aktivitet.
Undersøkinga startar med pusteprøve/spirometri. Deretter spring du på tredemølle med ganske høg intensitet i oppoverbakke i cirka 8 minutt utan oppvarming. Under testen vil testleiar/sjukepleiar og eventuelt lege vere til stades for å følge med. Vi nyttar vanlegvis pulsklokke undervegs.
Etter testen blir det gjort fleire nye pusteprøver/spirometrier fram til 20 minutt etter avslutta belastning på tredemølla.
Etter
Dersom vi finn teikn til EIB med redusert lungefunksjon eller symptom under eller etter tredemølletesten, vil du få behandling med Ventoline eller tilsvarande. Nokon vil ha behov for meir medisin i etterkant av testen.
Resultatet av undersøkinga vil bli gitt under legekonsultasjonen etter testen.