Fødsel - tvillingar/fleirlingar
Er du gravid med tvillingar / fleirlingar bør du føde barna dine på ein fødeavdeling med fødselslege, anestesilege og barnelege tilgjengeleg heile døgnet.
Korleis svangerskapet ditt har gått, kor langt du har komen i svangerskapet når fødselen startar og korleis du og barna har det ved fødselens start vil avgjere kva for fødselsmetode, fødselsovervaking og fødselshjelp som du treng. Ein tvilling- / fleirlingfødsel krev meir overvaking av fødselen enn av kun eitt barn.
Tilvising og vurdering
Legen og jordmora som følger deg opp i svangerskapet vil lage ein plan for fødselen saman med deg.
Utgreiing
Eit tvilling- / fleirlingsvangerskap og fødsel medfører ein auka risiko for komplikasjonar enn det er når du er gravid med eitt barn. Derfor er det viktig at du følger opp svangerskapskontrollane.
Når du er gravid med fleire barn, vil fødselen starte før termin. Dei fleste føder mellom 36.og 38. veke i svangerskapet, og fødselen skal settast i gang seineast ved veke 39. Får du rier eller mistanke om at fostervatnet har begynt å renne, må du ta kontakt med lege eller fødeavdelinga umiddelbart.
Behandling
Tvillingar
Når det er planlagt at du skal føde barna dine på vanleg måte, vil det vere eit team av jordmødrer, barnepleiarar, gynekologar og barnelege med deg, eller i nærleiken av fødestova di. Om barna fødast i hovudleie er det oftast jordmor som tar imot, men gynekolog er også til stade på eller like ved fødestova, klar til å hjelpe om det skulle bli nødvendig.
Den av barna som ligg an til å bli fødd først kallar vi for tvilling 1, og den som ser ut til å komme sist for tvilling 2.
Når tvilling 1 er fødd, rettast fokus mot tvilling 2. Etter at tvilling 1 er fødd, vil legen undersøke magen din med ultralyd for å sjå korleis tvilling 2 kjem ned i fødselskanalen.
Tvilling 2 har no fått god plass i livmora. For å unngå at barnet snur seg til ein ugunstig stilling, holder jordmor / lege på kvar side av magen din for å hindre at tvilling 2 legger seg på tvers. Dette grepet haldast til hovudet eller setet til barnet har engasjert seg i fødselskanalen, og det ikkje lenger er mogleg for barnet å snu seg.
Tvilling 2 fødast som oftast ganske raskt etter at tvilling 1 er fødd, men det kan hende at riene avtar eller stoppar opp etter at tvilling 1 er fødd. Fødselen vil då kunne stoppe litt opp, og derfor har lege avgjer om du skal ha ristimulerande drypp.
Fleirlingar
Om du er gravid med meir enn to barn, er det større risiko for at svangerskapet og fødselen ikkje går heilt som normalt. Fastlegen din eller jordmor på helsestasjonen vil derfor tilvise deg til gynekolog eller til poliklinikk for gravide på sjukehuset når det er mistanke om eller bekrefta at du er gravid med meir enn to barn.
Gynekologen vil legge ein plan saman med deg for svangerskapskontroll og fødsel. Fødselen bør skje på fødeavdeling med høg beredskap - der gynekolog, barnelege og anestesi / operasjonspersonell er tilgjengeleg heile døgnet. I Noreg blir trillingar eller fleire barn forløysa ved keisarsnitt.
Hjelp til forløysing
Det er større risiko for at ein tvillingfødsel blir avslutta med keisarsnitt eller ved bruk av tang eller vakuum, enn om du skal føde eitt barn. Derfor anbefaler vi at du får epiduralbedøving når fødselen er i gong.
Skulle det oppstå ein situasjon som gjer det nødvendig å forløyse eitt eller begge barna med tang, vakuum eller keisarsnitt, vil gynekolog, barnelege og anestesi- og operasjonspersonale vere til stades og klare til å gripe inn.
Oppfølging
Tvillingar blir ofte fødd før termin, og treng derfor ekstra oppfølging i tida etter fødselen. Om fødselen startar tidleg i svangerskapet / prematur fødsel, eller barna treng ekstra oppfølging / overvaking, fødselsvekta er låg eller om barna ikkje tar til seg nok mat, så må barna bli flytta til nyføddavdeling.
Amming
Amming av tvillingar krev ofte litt ekstra innsats, særleg i oppstarten av amminga. Nokon tvillingmødrer opplever at det kan ta litt tid å få i gong mjølkeproduksjonen og amminga.
Fordi tvillingar ofte blir fødd før termin og er mindre enn barn i svangerskap med eitt barn, kan det vere ekstra viktig at barna får morsmjølk. Bruk derfor tida og kreftane den første tida etter fødselen på å få i gong mjølkeproduksjon og amming.
Om barna er friske og har krefter til å amme, blir dei lagt til brystet til kvart måltid - og får tillegg av morsmjølkerstatning etter amming om og så lenge dei treng dette. Ikkje alle greier å fullamme begge barna, men all morsmjølka som barna kan få er viktig.