Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Immunterapi

Immunterapi påverkar immunsystemet til å angripe kreftcellene og er ein viktig del av behandlinga for fleire kreftformer.

Immunterapi ved kreftbehandling

Immunterapi verkar ved å aktivere pasienten sitt eige immunforsvar, noko som bidreg til at immunsystemet klarer å identifisere og angripe kreftceller. Dette fører til at veksten av kreftcellene blir bremsa eller stoppar opp.

Den vanlegaste typen immunterapi i kreftbehandling er «immun-sjekkpunkthemmere». Då blir «bremseklossane» i immunforsvaret fjerna og immunsystemet til pasienten blir aktivert til å angripe kreftcellene.

I dag er immunterapi godkjend som behandling ved ei rekkje kreftdiagnosar. Det er mest vanleg å gi immunterapi når kreftsjukdommen har spreidd seg eller han ikkje lèt seg operere bort. I tillegg blir også immunterapi gitt som tilleggsbehandling etter operasjon ved enkelte kreftformer for å redusere risikoen for tilbakefall.

Sjølv om behandling med immunterapi er godkjend for di kreftform, er det ikkje alle pasientar som har effekt av immunterapi. Til forskjell frå vanleg cellegift kan det i nokre tilfelle gå fleire månader før behandlinga har effekt.

Før

Før du startar behandling må du ta ei ny CT-undersøking eller ein PET-CT. Somme tek også MR-undersøking av hovudet. Du skal også ta nye blodprøver.

Under

Medikamenta blir gitt intravenøst via ein kanyle i blodåra kvar 2 eller 3 veke i inntil 2 år avhengig av effekt og kor godt ein toler behandlinga.

Immunterapi blir vanlegvis godt tolerert, med lite biverknader, men det kan også gi alvorlege biverknader der kroppens immunforsvaret angrip eige vev.

Biverknader som kan oppstå er:

  • feber
  • tarmbetennelse
  • hormonelle forstyrringar
  • nyreproblem
  • lungebetennelse
  • leverbetennelse
  • nerve-/muskelsmerter
  • utslett på huda
  • augesymptom
  • fatigue (utmatting og mangel på energi)

Sidan immunterapi kan gi biverknadar frå dei fleste av organa til kroppen er det viktig å registrere nye symptom og informere om dette i møte med helsevesenet. Ta kontakt med legen eller sjukehuset dersom du opplever diaré, har magesmerter, om du pustar tungt, er svært tørst, har problem med auga, er i svært dårleg form, eller ved andre nyoppståtte helseplager.

Etter

Effekten av behandlinga blir kontrollert med nye blodprøver og CT eller MR. Dersom kreftsjukdommen din er stabil eller i betring, kan du i dei fleste tilfelle halde fram behandlinga med immunterapi.

Kontakt

  • Kontakt Sengepost for kreft og blodsjukdommar

    Oppmøtestad

    Sengepost for kreft og blodsjukdommar finn du i 2. etasje på kreftavdelinga.
    Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

    Ålesund sjukehus

    Åsehaugen 5

    Transport

    Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

    • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
    • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
    • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

    Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

    20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.  

    Kart
    Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

    Markerte område på bildet

    • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
    • Gul markering: HC-parkering
    • Raud markering: Parkering for blodgivarar
    • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
    1. Hovudinngang
      Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
    2. Administrasjonsbygget
    3. Akuttmottaket
    4. Alderspsykiatrisk døgn
    5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
    6. Apotek
    7. Audiopedagogen
    8. Barne- og ungdomsavdelinga
    9. BUP
    10. Dagkirurgi Aust
    11. Habiliteringsbygget
    12. Kreftavdelinga
    13. Psykisk helsevern døgn
    14. Psykisk helsevern poliklinikk
    15. UPA
    16. Åse hotell
    17. Åsebøen 1
    18. Åsebøen 5

    Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

    ​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

    No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

    Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

    Fly
    Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

    Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

    Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     
    Praktisk informasjon

    Besøkstida er kl. 13.00-19.00. 

    ​Har du med barn når du kjem til behandling? Vi har to leikerom ved Kreftavdelinga, eit ved sengeposten og eit like ved stråleterapien i første etasje. Her kan barna leike eller slappe av mens du får behandling, anten det er ved sengeposten, poliklinikken eller stråleterapien.

    Frukost kl 08:00 - 09:00

    Lunsj kl 12:00 - 13:00

    Middag kl 15:30 - 16:30

    ​Eit trenings- og aktivitetsrom for kreftpasientar.

    Aktiv mot kreft jobbar for for å få fysisk aktivitet inn som ein del av behandlinga.

    Pusterommet er eit trenings- og aktivitetssenter som tilbyr tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar under og etter behandling. Det er også ein møteplass og sosial arena for pasientar i same situasjon.

    Dei tilsette du møter på Pusterommet har spesialkompetanse innan fysisk aktivitet og kreft.

    Du kan delta i gruppetrening og/eller få individuelt tilrettelagt treningsprogram.

    Pusterommet i Kristiansund

    Pusterommet i Ålesund 

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

    Passord på SMS
    Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    ​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

    Åse hotell

    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    07.30–15.30

    ​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

    Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

    Kantina​

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

    Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
    • Helg og høgtid: stengt

    Kios​k

    I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
    • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
    • Raude dagar: 10.00 - 18.00

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

  • Kontakt Kreftpoliklinikken Ålesund

    Oppmøtestad

    1. etasje i kreftbygget.

    Om du ønsker det kan du ha med deg pårørande til legekonsultasjonar, informasjonssamtalar med sjukepleiar og ved førundersøkingar. 

    Pårørande kan diverre ikkje vere med inn på behandlingsrommet. 