Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Utsikt frå stova på sengepost for kreft og blodsjukdommar

Sengepost for kreft og blodsjukdommar

Sengepost for kreft og blodsjukdommar tilbyr palliativ behandling, utgreiing og ikkje-kirurgisk behandling (cellegiftbehandling og stråleterapi) til kreftpasientar i vår region. Vi tilbyr og utgreiing og behandling til pasientar med blodsjukdommar og andre medsinske sjukdommar.

Sengeposten har 18 einerom i drift.

Dei faggruppene som arbeider her er legar som har spesialisering i kreft (onkologar) og blodsjukdommar (hematolog), kreftsjukepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidar, fysioterapeut, sosionom, ernæringsfysiolog og prest.

Medikamentell kreftbehandling som cellegift og immunterapi kan bli gitt som kurerande eller lindrande behandling. På sengeposten gir vi behandlingar som går over ein eller fleire dagar.

Pasientar frå heile regionen får strålebehandling i Ålesund. Pasientar som er for sjuke til å få stråling poliklinisk eller bu på Pasienthotellet blir lagt inn på sengeposten.

Pasientar som har ein kreftsjukdom med symptom og plager som er vanskeleg å lindre, kan bli lagt innlagt i sengeposten. Dei blir fulgt opp av både lege og sjukepleiar frå sengepost og palliativt team.

Det å ha ein palliativ plan kan vere med på skape tryggleik for deg og dine, og for dei som skal hjelpe deg.


Pasientar med hematolgisk eller andre medisinske sjukdommar vil bli lagt inn i sengposten for utgreiing og behandling.


Ein kreftkoordinator i kommunen skal ha oversikt over kva som finst av tilbod og moglegheiter der du bur. 

Her ser du kva kommunar som har kreftkoordinator (kreftforeningen.no)



Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag 08:00 - 15:00
  • Søndag 08:00 - 15:00
Næraste pårørande kan også ringe kveld/natt.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sengepost for kreft og blodsjukdommar finn du i 2. etasje på kreftavdelinga.
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Praktisk informasjon

Besøkstida er kl. 13.00-19.00. 

​Har du med barn når du kjem til behandling? Vi har to leikerom ved Kreftavdelinga, eit ved sengeposten og eit like ved stråleterapien i første etasje. Her kan barna leike eller slappe av mens du får behandling, anten det er ved sengeposten, poliklinikken eller stråleterapien.

Frukost kl 08:00 - 09:00

Lunsj kl 12:00 - 13:00

Middag kl 15:30 - 16:30

​Eit trenings- og aktivitetsrom for kreftpasientar.

Aktiv mot kreft jobbar for for å få fysisk aktivitet inn som ein del av behandlinga.

Pusterommet er eit trenings- og aktivitetssenter som tilbyr tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar under og etter behandling. Det er også ein møteplass og sosial arena for pasientar i same situasjon.

Dei tilsette du møter på Pusterommet har spesialkompetanse innan fysisk aktivitet og kreft.

Du kan delta i gruppetrening og/eller få individuelt tilrettelagt treningsprogram.

Pusterommet i Kristiansund

Pusterommet i Ålesund 

 

Pakkeforløp heim for pasientar med kreft

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkluderte i Pakkeforløp heim for pasientar med kreft.
Les meir på helsenorge.no
Lege og pasient

Pusterommet Ålesund

Pusterommet er eit trenings- og aktivitetssenter som tilbyr tilpassa fysisk aktivitet til kreftpasientar under og etter behandling.
Les meir om Pusterommet
To tilsette på spinningsykkel