Det er fleire aktuelle operasjonsmetodar ved brystkreft. Legen vil hjelpe deg med råd og rettleiing, og du vil bli tilbudt behandling som er tilpassa din krefttype. Dei fleste brystkreftoperasjonar blir utført dagkirurgisk.
Brystbevarande operasjon
Ved brystbevarande operasjon fjernar legen kun sjølve svulsten og det omkringliggande vevet. Om du får tilbod om brystbevarande operasjon er avhengig av svulsttype, størrelse, utbreiing og plassering. Størrelsen på brysta har også betydning.
For at ein brystbevarande operasjon skal vere like trygg som å fjerne heile brystet, anbefaler vi strålebehandling mot brystet. Dette er for å hindre tilbakefall.
Fjerning av heile brystet
Denne operasjonsmetoden fjernar heile brystet. Muskulatur under brystet blir ikkje fjerna.
I enkelte tilfelle legg vi inn eit dren. Drenet blir fjerna 1-2 døgn etter operasjonen.
Brystrekonstruksjon
For nokre pasientar kan det vere aktuelt å operere inn ein silikonprotese som erstatning for brystet som blir fjerna. Dette kan skje under same operasjonen som når brystet blir fjerna, eller seinare. Viss dette er aktuelt får du snakke med ein plastikkirurg.
Undersøking av lymfekjertlar i armhola
Ved brystkreft og enkelte tilfelle av forstadium til brystkreft, er det viktig å avdekke om det finst spreiing av brystkreftceller til nærliggande lymfeknutar. For å operere så skånsamt som mogleg har ein utvikla ein metode som blir kalla vaktpostlymfeknutebiopsi.
Vaktpostlymfeknutebiopsi
Det finst ein første lymfeknute (vaktpostlymfeknute) i aksillen som drenerer lymfen frå brystet. Status til denne lymfeknuten reflekterer status for dei andre lymfeknutane som drenerer frå det same området. Vaktpostlymfeknuten er dermed den første lymfeknuten som tar imot kreftceller. Viss vaktpostlymfeknuten ikkje inneheld brystkreftceller, vil dei øvrige lymfeknutane i aksillen med stor sannsynlegheit vere fri for kreftceller, og ein aksilledisseksjon vil vere unødvendig.
Det blir brukt to metodar for påvising av vaktpostlymfeknuten, radioaktivitet og blåfarge. Radioaktiv isotop blir som regel injisert dagen før operasjonen. Etter injeksjonen gjer vi ein lymfoscintiografi. I tillegg set vi inn eit blått fargestoff i brystet under operasjonen. Dette blir sugd opp i lymfebanene og er også eit hjelpemiddel for å finne vaktpostlymfeknuten.
Under inngrepet tar vi ut blå og/eller radioaktive lymfeknutar og sender dei til histologisk undersøking, eventuelt frysesnitt.
Blåfargen blir skilt ut av kroppen via nyrene, og det gjer at urin og avføring blir blågrøn ca eit døgn etter operasjonen.
Aksilledisseksjon
Ved aksilledisseksjon fjerner vi alt feittvev med tilhøyrande lymfeknutar i armhola.
Det blir som regel lagt inn eit dren (plastslange) i såret i samband med operasjonen for å drenere sårvæske. Drenet blir som regel fjerna 1-2 dagar etter operasjonen.