Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

ADHD - foreldre/foresatte - Kristiansund - Digitalt

For foreldre og foresatte til barn/unge med ADHD.

Tid og stad

Når

Kurstilbod 1 - 2 gongar årleg.

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Ynskjer du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising. Elektronisk tilvising sendast til Psykisk helsevern barn og unge, Poliklinikk Kristiansund (BUP). 

Er familien i behandling i spesialisthelsetenesta ved Klinikk for psykisk helse og rus treng de ikkje ny tilvisning.

Kvifor delta

Med kurset ønsker vi at foreldre/føresette og skole- og barnehagetilsette skal få auka kunnskap om kva ADHD er og korleis ein kan møte barn og ungdom med ADHDbåde i heimen og i skole- og barnehagekvardagen. Vi ønsker å skape auka forståing og meistring i rolla som forelder/føresett og fagperson. 

Vi oppfordrar begge foreldra til å delta på opplæringa. 

Innhald

  • Kva er ADHD?
  • ADHD og medisinering
  • Positivt samspel og ros
  • korleis gi gode beskjeder? Grensesetting
  • Fysisk aktivitet og ADHD
  • Kosthald og ADHD
  • Å leve med ADHD ved brukarrepressentant
  • ADHD i skolen
  • Samarbeid foreldre - skole

Praktiske opplysningar

Dersom du ikkje kan møte på opplæringa ber vi deg melde frå. 

Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. 

Rettar, eigenandel og opplæringspengar

Ingen eigenandel

Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for et langvarig sjukt eller funksjonshemma barn. Opplæringspengar bereknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med under opplæringa.

Lenke til informasjon om opplæringspengar og andre rettar finn du her 

Nyttige nettadressar

Støtteordningar for familiar (e-læringskurs frå St.Olavs)

ADHD Norge

Kontakt

Relevante behandlingar