Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rettar ved pasient- og pårørandeopplæring

Pasientar og pårørande har rettar knytt til reiseutgifter og eventuelt nødvendige tilleggsutgifter. Rettane omfattar også reglar om opplæringspengar og rett til val av behandlingsstad.

Du betalar eigenandel for pasientopplæring, tilsvarande gjeldande poliklinisk takst i sjukehuset.

Pårørande betaler ikkje eigenandel. Eigenandelen er ein del av frikortordninga for pasienten. Born har ikkje eigenandel.

Ved manglande oppmøte på kurs eller gruppeopplæring utan å ha meldt frå, vil du bli belasta med gebyr. 

Les meir om betaling/gebyr og sjå oppdaterte satsar for helsetenester på H​elsenorge.no 

Pasientar og pårørande har rett til dekning av reiseutgifter ved opplæring i sjukehuset. Fastlege eller sjukehuslege avgjer om pasient og pårørande skal tilvisast til opplæring.

Eigenandel på reise er ein del av frikortordninga for pasienten. Dette gjeld ikkje for pårørande. Som hovudregel blir reiseutgifter dekt med ein standardsats pr. km uansett kva transportmiddel ein nyttar.

Du kan levere reiserekning elektronisk til Pasientreiser. Dersom du skal reise med fly, båt eller tog må du bestille reisa via Pasientreiser. Har du spørsmål om reisa, ta kontakt med Pasientreiser i Møre og Romsdal telefon 05515 .

Les meir om rettigheiter, eigenandeler og satsar for reise på Helsenorge.no

Du kan også ha rett til å få dekt nødvendige tilleggsutgifter. Det er eigne satsar og reglar for godtgjersle til utgifter til mat og overnatting. Har du spørsmål om opphaldsutgifter, ta kontakt med Pasientreiser i Møre og Romsdal telefon 05515

 

Les meir om opphaldsutgifter på helsenorge.no​

Utgifter utover desse satsane må du betale sjølv.

  • Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Dei fleste arbeidsgivarar gir tilsette permisjon med løn når den tilsette har fått tilvising av lege til pasientopplæring. Vi anbefalar at du tar kontakt med arbeidsgivar, eventuelt fagforeining om du er fagorganisert. Det kan vere at du kan bruke velferdspermisjon, eigenmelding eller sjukemelding
  • Er du pårørende til ein vaksen pasient kan du søke arbeidsgivar om velferdspermisjon for å delta på kurset
  • Er du yrkesaktiv foreldre/har dagleg omsorg for barn og deltek på opplæring, kan du ha rett på opplæringspengar.​

Deltaking på pasientopplæring inngår i ordninga for rett til å velge behandlingsstad

Les om rett til val av behandlingssted på helsenorge.no

Les om rett til val av behandlingssted på HM​R sine nettsider

For å utløyse dei omtala rettane må opplæringsprogrammet oppfylle krava i særkode A0099 i innsatsstyrt finansiering, ISF (Helsedirektoratet).
Der kan du klikke deg inn på ISF Regelverket 2023 (pdf) særleg på side 53 og side 70.

Rettar og tilbod til pasientar og pårørande Helse Midt-Norge (8,25 min). Filmen er laga av Høgskulen i Volda i samarbeid med sosionomar og regional ressurs for pasient- og pårørendeopplæring i Helse Midt-Norge. Tema: Reiser og økonomiske ordningar.

Pasient- og pårørandeopplæring

Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring og kurs for pasientar og pårørande innanfor ulike diagnosegrupper både individuelt og i grupper
Finn eit opplæringstilbod
Mor og barn
Sist oppdatert 23.08.2023