HELSENORGE

Angstmestring (KIA) - Ålesund

Kurs for vaksne med lett til moderat angst

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Tilvising sendes frå fastlege eller anna behandlar i kommune/spesialisthelsetjenesta elektronisk.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ynskjer vi at du skal bli meir bevisst på eigne tankar og å sjå samanheng mellom tankar og følelser. Vi ynskjer at du kan bli bevisst på negativt tankemønster og korleis forhindre dette.

Du vil få opplæring i teknikkar for å endre mønsteret i tankar og handlingar som vedlikehald og forsterkar angst.

Innhald

Kurset byggjer på kognitiv metode.

Kursdeltakarane undervises i å bli oppmerksam på tankane sine, dei lærar også å sjå samanheng mellom tankar og følelser.

Kursdeltakarane lærer seg korleis dei skal vurdere og endre negative tolkningar av det som skjer.

Dei lærar også korleis dei kan kjenne igjen eit negativt mønster på tankar og endringar, og korleis dei kan forhindre dette.


 

Praktiske opplysningar

Kurset går over meir enn 11 samlingar, kvar gong på 2,5 timar.

Kurset gjennomførast ved DPS Vegsund

Kursbok brukast aktivt gjonnom heile kurset

Kurset blir leda av godkjente kursleiarar

Det er 8-12 deltakarar på kvart kurs.


Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her


 

Nyttige nettsider

Mentalhelse.no

kognitiv.no

nhi.no - kognitiv terapi

Fann du det du leita etter?