Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Cøliaki - foreldre til barn/ungdom - Kristiansund

For foreldre/foresette til barn/ungdom med cøliaki og tilknytta fagpersonar.

Passert
24.
april
2024
  1. 24. apr. 2024

Tid og stad

Når

  1. 24. apr. 2024

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Pediatrisk poliklinikk Kristiansund

Send tilvising elektronisk til Pediatrisk poliklinikk, Kristiansund sjukehus. Dersom foreldre skal delta, skal likevel tilvisinga stå i barnet sitt namn. Det er fint om tilvisinga inneheld opplysingar om ev. tilleggssjukdom.

Fagpersonar treng ikkje tilvising. Påmelding ved å ringe avdelinga, sjå kontaktinformasjon.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ønsker vi at du som forelder til barn/ungdom med cøliaki eller skole- og barnehagetilsett skal få auka kunnskap om kva cøliaki er. Vi ønsker at du som forelder eller tilsett får råd om korleis ein kan møte barn og ungdom med cøliaki både i heimen og i skole- og barnehagekvardagen.

Vi ønsker å skape auka forståing og meistring med å ha cøliaki og i rolla som forelder/føresett og fagperson.

Vi oppfordrar begge foreldra til å delta på opplæringa.

Innhald

  • Brukarinnlegg - "å leve eit godt glutenfritt liv"
  • Cøliaki, diagnose og behandling
  • Tilrettelegging i skole og andre rettar
  • Glutenfritt kosthald - praktiske tips og oppskrifter
  • Informasjon om cøliakiforeninga
  • Med atterhald om endringar i program


Praktiske opplysingar

Bevertning: 150,- for kaffe/te og lunsj. Vi sender faktura etter kurset. Gi beskjed dersom du ikkje ønsker bevertning.

Det er bindande påmelding.
Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belasta med eit gebyr.

Tenk gjerne over spørsmål du ønsker å belyse, før du kjem på kurset.
Gi beskjed i god tid dersom det er spesielle behov vi skal ta omsyn til, for eksempel kost, høyrsel etc.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. 

Ingen eigenandel for foreldre/pårørande, ungdom under 16 år og fagpersonar.

Som foreldre kan de søke om opplæringspengar dersom du er yrkesaktiv og har omsorg for eit barn med langvarig sjukdom eller funksjonshemming. Opplæringspengar reknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråver frå arbeid for å vere med under opplæringa.

Utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Cøliakiforeningen

Kontakt