Kvifor delta på kurs
Med
kurset ønsker vi at foreldre/foresatte skal få auka kunnskap om kva Downs syndrom er
og korleis ein kan møte barn med Downs syndrom både i hjemmet og
kvardagen. Vi ønsker å skape auka forståing og meistring i rolla som
forelder/føresett.
Vi
oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa.
Du vil møte ulike fagpersonar og brukarrepresentant som deltek i undervisninga.
Barn som er under oppfølging av Habilitering barn og unge treng ikkje tilvising av fastlege.
Innhald
Tema kan blant anna vere:
- Erfaringsutveksling mellom foreldre
- Ernæring
- Velferdsrettar
- Sammensatte kjensler
- Vi har eit barn med downs syndrom
- Motorisk utvikling
- Munnmotorikk
- Kommunikasjon og samspill
- Sosial kompetanse og atferd
- Medisinsk aspekter
Ulike fagpersonar, og brukarrepresentant deltek i undervisninga.
Praktiske opplysningar
Opplæringstiltaket går over 3 dagar over nokre veker.
Bevertning: Vi serverer kaffe/te og lunsj. Faktura sendes i etterkant av kurset. Gi beskjed dersom du har allergiar etc.
Det er bindande påmelding.
Rettar, eigenandel og
opplæringspengar
Ingen eigenandel
Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er
yrkesaktiv og som har omsorg for et longvarig sjukt eller funksjonshemma barn.
Opplæringspengar bereknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap
av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med under opplæringa.
Lenke tilutfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Informasjonhefte om Downs syndrom