Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Hjerneskade - seinfaserehabilitering - Ålesund

Har du hatt hjerneslag, skade eller sjukdom i hjerna? Senfasetilbodet er eit rehabiliteringsopplegg for menneske med kognitiv svikt etter erverva hjerneskade

27.
mai
2024
  1. 27. mai 2024

Tid og stad

Når

  1. 27. mai 2024

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Kvar

Ålesund sjukehus
Oppmøtestad for kurset er Åsebøen 1, 8. etasje.

Påmelding

Frist for påmelding: 03. mai 2024

Fastlege eller spesialist kan henvise til tilbodet. Søknadar om dette kurstilbodet/spesialisert rehabilitering skal sendast elektronisk til sekretariatet for Felles Inntaksnemnd ved Avdeling for Fysikalsk medisin og rehabilitering i Ålesund

Alternativt per post til 
Adresse:
Helse Møre og Romsdal
Ålesund sjukehus
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering
Felles inntaksnemnd
6026 Ålesund

 

Gi beskjed  dersom pårørande ynskjer å delta, pårørande treng ikkje tilvising.

Søknadsskjema for pasient

Søknadsskjema for lege

Kvifor delta

Målet er at du får kunnskap om din sjukdom/skade og lærer mestringsstrategiar på korleis takle ein kvardag med kognitive vanskar. Vi ønsker å legge til rette for at du får utvikla ditt potensial så langt som mogleg på områder som eigenomsorg, fritidsaktivitetar, familieliv, utdanning, arbeidsliv og samfunnsliv.


Kriterier for inntak til gruppetilbodet:

  • Personar i yrkesaktiv alder (16—67 år)
  • Seinforløp, ferdig med primærrehabilitering med erfaring frå dagligliv heime, frå ca. 1 1/2 år etter skade
  • Motivert til å arbeide med eigne utfordringer i gruppe
  • Sjølvhjulpen og må ha språklige ferdigheiter

Oppholdet egner seg ikkje for personer med pågående alvorlig psykiatrisk lidelse og/eller rusavhengighet.

Seinfaserehabilitering er eit gruppetilbod med fokus på meistring av endra livssituasjon. Mange pasientar med kognitive vanskar etter erverva hjerneskade opplev at deira usynlege handikap er vanskeleg å forstå for andre. Å leve med kognitive vanskar kan få konsekvensar for kva ein tenker om seg sjølv, det kan påverke familielivet, det sosiale og yrkeslivet.

Eksempel på kognitiv svikt kan vere vanskar med å hugse, kontrollere følelsar, manglande initiativ og vanskar med å planlegge aktivitetar. Nokre slike vanskar opplev ein sjølv, mens andre gongar er det ektefelle, barn eller kollegaer som merkar det mest. Kognitiv svikt kan oppstå åleine eller i lag med motoriske utfall (lammingar).

Gruppeopphaldet er retta mot personar med kognitiv svikt etter erverva hjerneskade. Årsak til hjerneskade kan mellom anna vere hjerneslag, traumatisk hodeskade (TBI), svulstar, hjernebetennelse, løysemiddelskade ol. 

 

Innhald

Seinfaserehabilitering mestringskurs etter erverva hjerneskade er eit gruppetilbod som drives av et tverrfaglig rehabiliteringsteam ved rehabiliteringssengeposten ved Ålesund sjukehus.

For å sikre at du vil få nytte av oppholdet gjennomførast det ein poliklinisk samtale i forkant for å avklare om du er aktuell deltakar til senfaserehabiliteringa. I samtalen kartlegg vi også om du har pårørande som ynskjer å vere med på tilbodet. Det er eige pårørandetilbod to kveldar ila kursdagane. 

Sjå utdjupande informasjon under Tilvising.

 

Tema for undervisning kan vere:

  • Hjerna si oppbygging og funksjon
  • Hjerneskadar, skademekanismar, konsekvensar
  • Kognitive vanskar
  • Rettar
  • Rehabilitering
  • Arbeidsliv
  • Samliv/familie
  • Fysisk aktivitet

Arbeidsmåtar: 
Tilbodet er todelt. Den ene delen består av undervisning og veiledning, mens den andre går ut på nytte deltakernes kunnskaps- og erfaringsutveksling. 

Læringsmetodar:

  • Gruppeundervising
  • Samtale
  • Erfaringsutveksling og diskusjon
  • Gruppearbeid
  • Praktisk trening
  • Jobbe med eigne mål

 

Praktiske opplysningar

Senfasetilbodet er eit gruppebasert tilbod som går over to veker. Etter eit halvt år arrangerer vi ein oppfølgingsdag.

Dette er eit døgntilbod, så du er inneliggande ved avdelinga så lenge du deltek på kurset og er innlosjert ved pasienthotellet under opphaldet. Det meste av undervisninga/tilbodet skjer på dagtid. Ta kontakt med avdelinga for ytterlegare avklaringar.

Bevertning på pasienthotellet. Vennligst oppgi i tilvisinga om du har spesielle behov vi skal ta omsyn til.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon for dette kurstilbodet. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

LHL Hjerneslag

Landsforeningen for slagrammede (LFS)

Hjernerådet (Pasient- og brukerorganisasjoner)



Kontakt

Relevante behandlingar