Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Tilsette på treningsrommet på sengeposten

Fysikalsk medisin og rehabilitering sengepost

Vi gir eit individuelt tilpassa tilbod til pasientar med komplekse og samansette funksjonsvanskar etter sjukdom eller skade. Spesialisert rehabilitering har fokus på meistring og auka eigenaktivitet.

Sengeposten har 24 senger og 4 senger på pasienthotellet.

Vi jobbar tverrfagleg, og har både sjukepleiarar, hjelpepleiarar, legar, ergoterapeutar, fysioterapeutar, nevropsykologer, logopedar, sosionom og arbeidsrådgivar. Kva yrkesgrupper du vil kome i kontakt med under innlegginga er avhengig av utfordringane og måla dine. Det vil vere eit tverrfagleg team som jobbar saman med deg. 

Du vil òg få utnemnt ein koordinator som vil arbeide for at du får ein god flyt i rehabiliteringsprosessen og at både du og dine pårørande heile tida får god informasjon omkring rehabiliteringsforløpet.

Tidleg i forløpet har vi målmøte der du i samarbeid med det tverrfaglege teamet utarbeider ein rehabiliteringsplan. Planen skal innehalde måla dine for opphaldet og kva tiltak som blir viktig for å nå dei ulike måla. 

Vi har fleire ulike opphald

  • Vurderingsopphald
  • Rehabiliteringsopphald
  • Kontrollopphald
  • Gruppeopphald

Vi har følgande tilbod:

Vi har spesialisert oss på tilpassing og opptrening etter beinamputasjonar og tar i mot pasientar frå heile Møre og Romsdal.

Vi har eit tett samarbeid med ortopedingeniør (TOV).


 

Rehabilitering - amputasjon av bein (underekstremiteter)

Når en pasient blir henvist til spesialisert rehabilitering, blir det vurdert om tilbodet skal gis som ambulant teneste. Dette kan innebære vurdering/tilsyn av pasient, rådgiving, rettleiing eller undervisning. Ofte er det aktuelt med ein kombinasjon av fleire typar tenester. For pasienter som har vært innlagt/hatt poliklinisk oppfølging vurderes det også om ein skal gje eit ambulant tilbod. Kommunar kan også ta kontakt ved behov for rådgiving og undervisning på systemnivå.

Eksempel på slik skade er traumatisk hjerneskade (TBI), hjerneblødning, hjerneinfarkt, hjerneskade ved anoxi, infeksjon, kreft mm.  

Vi tilbyr spesialisert rehabilitering til pasientar med erverva hjerneskade i form av rehabiliteringsopphald eller ambulant oppfølging. 

Vi har og gruppebasert meistringskurs for menneske med kognitiv svikt etter erverva hjerneskade.

Rehabilitering - tidlegrehabilitering etter erverva hjerneskade

Etter langvarig intensiv behandling kan det vere behov for spesialisert rehabilitering. Vi samarbeidar med aktuelle fagområder ved behov.

Denne pasientgruppa har spesielle utfordringar knytt til behandlingstiltak som krev tett samarbeid med ulike spesialitetar. Liggetida i sjukehus er ofte lang. Vi legg til rette for at samarbeidet med andre spesialitetar som til dømes ortopedisk avdeling kan skje parallellt med opptrening, bearbeiding og meistring.

Vi tilbyr ulike opphald til pasientar med MS, Parkinson, Cerebral Parese, følgetilstander etter poliomyelitt mm. 

Seinfasetilbod til personar med erverva hjerneskade blir arrangert 1 gong årleg. Pårørande blir invitert til undervisning på kveldstid. I tillegg arrangerer vi kurs for pasientar med nydiagnostisert MS.

Denne pasientgruppa skal i utgangpunktet ha primærrehabilitering ved avd for ryggmargsskade (St.Olavs hospital). I nokre tilfelle blir dette tilbodet gitt ved sengeposten vår, men då i samarbeid med avdeling for ryggmargsskade. 

Vi kan òg gi tilbod om vurderingsopphald og rehabiliteringsopphald seinare i forløpet etter ein ryggmargsskade. 

Vi har i tillegg eit lavterskeltilbod om det oppstår trykksår i samband med ryggmargsskaden. Ein må då henvisast frå fastlegen sin på vanleg måta, og det vil vera kort ventetid før ein kjem inn til vurdering.

Avdeling for ryggmargsskader (St.Olavs hospital). 

Vi har tilbod til pasientar som har fått seinfølgjer etter å ha blitt smitta av koronavirus. Tilbodet går til både pasientar som har hatt sjukehusinnlegging og dei som har hatt eit mindre alvorleg sjukdomsforløp.

 

Meir om opphaldet hos oss

Du får utdelt timeplan kvar veke. Treningane er både individuelle og i grupper. Vi har friluftsgruppe, temagruppe og dagleg treningsgruppe. Det blir òg sett opp samtale med lege og sosionom. For dei fleste vil trening i daglegdagse aktivitetar vere eit viktig tiltak for å nå måla sine. Både egentrening, og trening i daglegdagse situasjonar er vesentleg for å oppnå varige resultat. 

Vi har både enkelt- og dobbeltromDet er TV på alle pasientrom og i stova.
Det er gymsal og treningskjøkken i underetasjen, i tillegg til treningsrom på sengeposten. Treningsromma er også tilgjengelege for eigentrening på ettermiddag og kveld. Vi legg vekt på å ha utstyr som er mogleg å betene frå rullestol. Dei siste åra har vi fått stadig meir spelteknologi som er morosam trening. 
 
Vi har eigen bil knytt til sengeposten som vi bruker til turar og ærend i området.      
 
Det er òg sett opp fleire treningsapparat utandørs, og laga flott tursti langs Borgundfjorden.
Utandørs treningspark ved sjukehuset

Utandørs treningspark ved sjukehuset

Tilvisning

Tilvising frå sjukehus eller fastlege må sendast elektronisk* via journalsystemet til:

Helse Møre og Romsdal HF
Fysikalsk medisin og rehabilitering (Ålesund)
Postadresse 6026 Ålesund 

Tilvisingane må sendast innan måndag kl 15.00 for å bli behandla i inntaksnemnd tysdagar. 

Tilvisinga må innehalde opplysingar om:

  • Mål for opphaldet
  • Kva type opphald det blir søkt om
  • Aktuelle funksjonsvanskar og diagnose
  • Kva som er prøvd av tidligare behandling, og kva som er noverande behandling/oppfølging
  • Legg ved Individuell Plan, ev. rapport frå andre faggrupper som pasienten mottek tilbod frå, f.eks. heimebasert omsorg, psykisk helse, fysioterapeut, ergoterapeut eller logoped


* Om du ikkje har moglegheit til å sende elektronisk, kan tilvising sendast per post:

HELSE MØRE OG ROMSDAL HF
Ålesund sjukehus
Felles inntaksnemnd ved
Fysikalsk medisin og rehabilitering
6026 Ålesund

Kontakt

Telefon

Ekspedisjon
Fysikalsk medisin og rehabilitering sengepost

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 3. etg i lågblokka.
Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Praktisk informasjon

​​Besøkstida er kl. 17.00-19.00 alle dagar. ​

​Ta med deg treningsklede og gode sko, gjerne joggesko. Vi har vekentlege friluftsgrupper. Om du ønsker å delta på desse bør du ha med klede og sko til utebruk, tilpassa årstida. Det er ønskeleg at pårørande tar med klede heim til vask, men ved behov kan vi vaske klede i sengeposten. 

Dersom du bruker augedropar eller inhalasjonar er det fint om du tar med desse. 

Ta med oppdatert medisinliste (legemiddelliste). Om du har individuell plan ønsker vi kopi av denne.

Sengeposten har eigen matsal med buffét med brødmat og pålegg. ​Dei som treng det, får mat på rommet.

Frukost:   kl 08.00

Lunsj:       kl 12:00

Middag:   kl 16:00

Kveldsmat: kl 19.30

​Etter avklaring med teamet kan du få permisjonar ettermiddag/helg. Ved permisjonar må du sjølv ordne transport og dekke eventuelle kostnader.


​Sjukehuset har ikkje ansvar for pengar eller verdisaker som du har med. 

Om du skulle ønske det, kan du låne låsbar oppbevaringsboks.


Kurs og møter

  • Hjerneskade - seinfaserehabilitering - Ålesund
    Har du hatt hjerneslag, skade eller sjukdom i hjerna? Senfasetilbodet er eit rehabiliteringsopplegg for menneske med kognitiv svikt etter erverva hjerneskade
    Hjerneskade - seinfaserehabilitering - Ålesund
    27.
    mai
    2024