Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

IBD-skule - Ålesund

Eit kurstilbod til deg med inflammatorisk tarmsjukdom Ulcerøs Colitt eller Morbus Crohns. Pårørande er velkome til å delta.

1.
oktober
2024
2 dagar
  1. 01. okt. 2024
  2. 02. okt. 2024

Tid og stad

Når

  1. 01. okt. 2024
  2. 02. okt. 2024

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Fastlegen eller spesialist i fordøyingssjukdomar kan tilvise deg til kurs i spesialhelsetenesta. Tilvisinga sendast elektronisk til Poliklinikk for mage/tarmsjukdommar, Ålesund sjukehus.

Vi ynskjer at du tek med ein av dine pårørande, gi beskjed om dette i tilvisinga. Pårørande betaler ikkje eigenandel.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap og forståing av sjukdomen og korleis ein betre kan mesitre kvardagen med IBD.

Vi ynskjer også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.

Vi oppmodar pårørande til å delta på opplæringa.

Innhald

  • Informasjon om IBD-skolen

  • Ulcerøs colitt - sjukdomsforståing og medisinsk behandling

  • Ulcerøs colitt og tilleggs-sjukdomar

  • Kostveiledning

  • Informasjon om LMF

  • Ulcerøs colitt og kirurgisk behandling

  • Stomiundervisning

  • Trygderettar og arbeidsliv

  • Meistring ved kronisk sjukdom

     

Praktiske opplysningar

Vi tek oss tid til pausar mellom foredraga og lunsj midt på dagen, der vi hygger oss med kaffe, te, rundstykke og prat. Både pasient og pårørande betalar kvar kr. 50 pr. person pr. dag, for mat og drikke.

Gi beskjed ved påmelding hvis du har cøliaki, er vegetarianer etc.

OBS! Hugs å gi beskjed hvis du ikkje vil ha lunsj slik at du ikkje blir fakturert for denne.

Rettar og eigenandel


Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Dersom du ikkje kan møte til påmeldt kurs må du gi beskjed om dette. Dersom du ikkje møter uten å ha meldt fråfall, vil du bli fakturert eit gebyr.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her


Nyttige nettsider

Mage- tarmforbundet

Kontakt

Relevante behandlingar