Kvifor delta på kurs
På kurset får ein informasjon om kols og møter andre med same sjukdom.
Målet er at ein etter kurset skal meistre kvardagen med kols på ein betre måte og få betre livskvalitet.
Innhald
Praktiske opplysningar
Årleg kurs, neste kurs vert i 2024. Du kan likevel sende tilvising fortløpande og vert satt på venteliste. Kurset varer over to dagar.
Du møter ved Lærings- og meistringssenteret, Kløvertunvegen 8 (bygget nedanfor Volda sjukehus).
Ta med eigne inhalasjonsmedisiner. Desse kan vere nyttig å ha med når ein går igjennom dei ulike inhalatorane.
Bevertning: 130,- per kursdag, som inkluderer kaffi/te og lunsj. Faktura sendes i etterkant av kurset. Gi beskjed dersom du har allergiar/intoleranse eller ikkje ønsker bevertning.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Landsforeningen for hjerte- og lungesyke
Kols - Helsenorge
Norges astma og allergiforbund (NAAF)