HELSENORGE

Kronisk nyresvikt - Ålesund

Kurs for deg med kronisk nyresvikt og pårørande. Tilbodet er for personar i heile fylket.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Nye pasientar må få henvisning frå fastlege, som sendast elektronisk til Poliklinikk for nyresjukdomar, Ålesund sjukehus.

Du kan også bli henvist frå nyremedisinsk poliklinikk.

KVIFOR DELTA PÅ KURS

Nyreskulen er eit kurstilbod til deg som har fått påvist nyresvikt, og pårørande.

Det er ønskeleg at ein av dine pårørande deltar slik at dykk kan lære saman og på den måten lettare kan hjelpe og støtte kvarandre. Dette skapar større moglegheit for forståing, tryggheit, at dykk er meir forberedt og økt kunnskap om nyresvikt generelt.


INNHALD

Kurset skal gi auka kunnskap og forståing for kva det innebærer å ha nyresvikt. Målet med tilbodet er at du skal forstå meir av kva som skjer med kroppen og korleis det er å leve med nyresvikt. 

Moglegheit for pasient og pårørande til å møte andre i same situasjon.

PRAKTISK INFORMASJON

Det vert servert lunsj. Faktura vert sendt i etterkant.

RETTAR OG EIGENANDEL

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

NYTTIGE NETTSIDER

Landsforeningen for nyrepasienter og transplanterte (LNT)

Fann du det du leita etter?