Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Livsmestringsgruppe rus - Ålesund

For pasientar som har stått i rusproblematikk over lang tid, som ikkje har opplevd rusmeistring og som er i behandling ved poliklinikken

Tid og stad

Når

Kvar tirsdag kl. 13.00-15.00

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Kvar

Ålesund behandlingssenter
ved poliklinikken

Tilvising skal sendast elektronisk til Rusbehandling TSB poliklinikk Ålesund

Ønsker du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising.

Kvifor delta på gruppetilbodet

Med gruppetilbodet ønsker vi at du som har stått lenge i din rusproblematikk skal oppleve auka mestring i det å leve med dine utfordringar.

Vi ønsker også at du skal møte andre i same situasjon og å føle ei tilhørigheit. 

Innhald

Dette er ei prosessgruppe.

  • Vi ønsker å sette fokus på dei underliggande utfordringane i tillegg til rusavhengigheita
  • korleis meistre livet med dei utfordringane man har

Praktiske opplysingar

Du vil få praktiske opplysningar ved din behandlar.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort eller er pårørande. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

 

Nyttige nettsider

Kontakt

Relevante behandlingar