Kvifor
delta på kurs
Vi ynskjer å auke forståinga både for deg sjølv og andre i situasjonar der ein samhandlar.
Mentalisering gir oss betre hjelp til å regulere følelsar gjennom å auke forståing av eigne og andre sine intensjonar og reaksjonar. På den måten kan ein unngå å misforstå kvarandre og ikkje legge til grunn anna hensikt enn det som var meint.
Mentalisering kan beskrivast som evna til å sjå seg sjølv utanfrå, og å sjå andre innanfrå.
Innhald
Pedagogisk gruppe med undervisning og øvingar gjennom heimeoppgåver.
Fokus på 4 tema:
• Mentalisering
• Tilknytning
• Kjensler
• Gruppeterapi
Det er ikkje ei samtaleterapigruppe, men i gruppa kan ein likevel utveksle eigne erfaringar som døme på dei tema som det vert undervist om.
Praktiske
opplysningar
Gruppa møtast ein dag i veka à 45 min x 2 og 15 min pause over 6 veker.
8 – 10 deltakarar
Rettar
og eigenandel
Sjukemelding: Dersom du treng
sjukmelding, kontakt fastlegen din.
Pasientar har rett til fri for å
delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre
polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved
ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen
eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon
om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige
nettsider