HELSENORGE

MS (Multippel sklerose) - Ålesund

For deg som har fått Multippel sklerose – (MS). Delar av kurset er også for pårørande

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Dei fleste blir tilvist av nevrolog på nevrologisk avdeling.

Dersom du er ny-diagnostisert og ikkje i har fått tilbod kan fastlege sende tilvising elektronisk til Nevrologisk poliklinikk og MS- Sjukepleiar Ålesund sjukehus.


Kvifor delta på kurs

Med kurset ønsker vi at du skal få auka kunnskap om MS, korleis førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med MS.

Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar. 



Innhald

  • Informasjon om sjukdomen MS og behandling som finnast.

  • Fysisk aktivitet og MS.

  • Fatique, energiøkonomisering.

  • Arbeid – sjukemelding – attføring.

  • Brukarerfaring.

Forelesarane er: Nevrolog, MS sjukepleier, fysioterapeut, ergoterapeut, brukarrepresentant, sosionom og urosjukepleier.

Praktiske opplysningar

Tilbodet går over to vekedagar og er gruppebasert med inntil ti personar.

Bevertning: 100kr for begge dagar. Du får lunsj, kaffe, frukt og kursmateriell.


Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset. 

Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her




Nyttige nettsider

MS-forbundet

Fann du det du leita etter?