Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Parkinson - Ålesund

For personar med parkinson og deira pårørande

Tid og stad

Når

Årleg kurstilbod

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Ønsker du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising. Tilvising skal sendast elektronisk til Nevrologisk inntakskontor, Ålesund sjukehus.

Per 2023 ingen aktive kurs i Ålesund, evt tilvising kan då gå til Nevrologisk inntakskontor, Molde sjukehus. Oppgi at kurset er Parkinson kurs 1 (lette symptom/nydiagnostisert) eller Parkinson kurs 2 (uttalte symptom) 


 

Kvifor delta 

Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om Parkinson sjukdom. Vi ønsker å skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med Parkinson.

Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.

Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.

Innhald

Program for kurset (med atterhald om endringar):

  • Velkommen
  • Orientering fra Møre og Romsdal parkinsonforening
  • Info om Parkinson/HDQ
  • Brukerinnlegg
  • Medisinering
  • Rettigheter ved Parkinson /sosionom
  • Fysisk aktivitet/Fysioterapi ved Parkinson / Fysioterapeut
  • Ernæring/kosthold
  • Avslutning/ evaluering

Praktiske opplysningar

Våren 2024 føregår Parkinsonkurs ved Molde sjukehus med to ulike kurstilbod. Sjå meir under tilvising.

  • Parkinsonkurs nr. 1 for personar med lite symptom/lev eit aktivt liv
  • Parkinsonkurs nr. 2 for personar som har meir uttalte symptom

Det er bindande påmelding.
Dersom ein ikkje møter uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr. Eventuell bevertning vert fakturert i etterkant.

Parkering må den enkelte ordne med sjølv.

Vi ber deg gi beskjed i god tid dersom det er spesielle behov vi skal ta omsyn til, for eksempel kost, hørsel etc.


Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Norges Parkinsonforbund

Kontakt