Tid og stad
Når
Type arrangement
Arrangør
Kvifor delta
Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om Parkinson sjukdom. Vi ønsker å skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med Parkinson.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.
Dette kurset er eit kurs for deg som opplev at sjukdommen set preg på livet ditt (kurs nr. 2). Dersom du har eit aktivt liv utan store symptom kan du bli tilvist til Parkinsonkurs startkurs.
Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.
Innhald
Kurset har følgande tema:
- Behandlingsmetodar, medisinar og oppfølging
- Fysisk aktivitet og rehabilitering
- Hjelpemidlar i kvardagen og kvardagsmestring
- Ernæring, symptom – tips og råd
- Ta vare på stemma og svelgfunksjonen!
- Tankar rundt det å ha ein kronisk sjukdom
- Kvardagen og moglegheiter
Praktiske opplysningar
Dette kurset er eit hybridkurs, som tyder at kurset vert holdt frå SNR Hjelset med digital overføring (og fysisk oppmøte) ved eventuelle andre sjukehus eller stadar i kommunar. Ta kontakt for meir informasjon.
Det vert servert kaffe/te, frukt og lunsj. Parkinsonforeningen spanderer lunsj.
Vennligst gi beskjed i god tid om det er spesielle behov vi skal ta hensyn til f. eks allergiar, hørsel, språk etc.
Parkering etter gjeldande reglement ved sjukehuset. Parkering må den enkelte ordne med selv.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort eller er pårørande. Faktura sendast etter kurset.
Det er bindande påmelding. Ved ikkje møtt uten å ha gitt beskjed vil den enkelte bli belastet med eit gebyr.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Informasjon om eigenandel og andre rettar finn du også på Helsenorge sine sider.
Egenandeler og pasientbetaling på sykehus og poliklinikk - Helsenorge.no
Nyttige nettsider
Kontakt
Nevrologisk avdeling, SNR Hjelset
71 11 78 01Telefontid: Kl. 09.00-11.00 og 13.00-14.00