Tid og stad
Når
Type arrangement
Arrangør
Kvar
Ålesund behandlingssenterKvifor delta på gruppetilbodet
Med tilbodet ønsker vi at du skal få auka kunnskap om pengespeleavhengighet, korleis førebygge tilbakefall og skape auka tryggleik, forståing og meistring.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.
Det fins også tilbod om eit oppfølgingskurs/del 2 av pengespelavhengigheit (prosessgruppe).
Innhald
Dette er eit tilbod der vi fokuserar på fleire tema:
- Avhengigheit
- Økonomi
- Relasjoner
- Jobb
- Grensesetting
- Andre tema som gruppa tar opp
- Fokus ligger på konsekvenser på misbruk av pengespel og korleis handtere eiga speleatferd
- Vi har også fokus på kognitiv terapi
Praktiske opplysingar
Kurset går over 12 veker.
Psykoedukativ gruppe.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort eller er pårørande. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her