Kvifor delta på kurs
Med kurset ynskjer vi å vere veivisar i ein ny kvardag og å leggje til rette for erfaringsutveksling mellom foreldre i liknande situasjon.
Vi ynskjer å skape forståing og meistring i rolla som forelder/foresatt.
Vi oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa.
Innhald
«Systema rundt oss»
«Familie og kommunale instansar»
«Samspill med barnet»
«Håp og mestring»
Dei sammensatte følelsene ved det å være foreldre til barn med nedsatt funksjonsevne
Familie - Korleis gi plass til alle?
Parforhold, søsken, besteforeldre, familie/nettverk
Korleis samarbeide med familie og nettverk?
Praktiske opplysingar
Foreldre betalar ein sum per person for heile kurset. Dette inkluderar kaffe, te, frukt og lunsj. Gi beskjed dersom du ikkje ynskjer bevertning.
Rettar, eigenandel og opplæringspengar
Ingen eigenandel
Du kan søke om opplæringspengar dersom du er yrkesaktiv og har omsorg for eit barn med langvarig sjukdom eller funksjonshemming. Opplæringspengar reknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråver frå arbeid for å vere med under opplæringa.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
www.familienettet.no
www.mestring.no