Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Stoffskifte - Molde

Kurs for deg med høgt eller lavt stoffskifte frå heile fylket. Pårørande er også velkomne til å delta.

Avlyst
22.
mai
2024
2 dagar
  1. 22. mai 2024
  2. 23. mai 2024

Tid og stad

Når

  1. 22. mai 2024
  2. 23. mai 2024

Type arrangement

Gruppeopplæring

Arrangør

Eit samarbeid mellom medisinske avdelingar i HMR, Stoffskifteforbundet (STOFO) og Lærings- og meistringssenteret i HMR

Ønsker du/dykk å delta på opplæringa, ta kontakt med fastlegen din for tilvising. 

Tilvising skal sendast elektronisk til Medisinsk poliklinikk, Molde sjukehus.

Oppgi e-postadresse i tilvisinga og om pårørande vert med. Pårørande treng ikkje eiga tilvising.

Kvifor delta på kurs

Med kurset ønsker vi at du og dine pårørande skal få auka kunnskap om stoffskiftesjukdom, korleis førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med høgt eller lavt stoffskifte.

Vi ønsker også at du skal få møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar.

Vi oppfordrar pårørande til å delta på opplæringa.

Innhald

  • Sjukdom og behandling ved endokrinolog
  • Å leve med hypo/hypertyreose ved brukarrepresentant
  • Informasjon frå stoffskifteforbundet
  • Mestringsinnlegg ved sjukehusprest
  • Legemiddel ved klinisk farmasøyt
  • Rettar og inkluderende arbeidsliv
  • Erfaringsutveksling

    Med atterhald om endringar i programmet.

Praktiske opplysingar

Kurset haldast fysisk ved Molde sjukehus (Auditoriet) og går over to kortare kurdagar. Personar kan delta frå heile Møre og Romsdal.

Ta med eigen matpakke, det er også moglegheit for kjøpe lunsj i kantine/kiosk. Det vert servert kaffi/te. 

Det kan verte aktuelt å sende videooverføring til andre sjukehus i fylket, dette vil ein i så fall få nærare beskjed om.

Rettar og eigenandel

Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset. Ved lang reisevei kan du også ha rett til å få dekka overnatting. 

Du må betale kursavgift/eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort eller er pårørande. Faktura sendes etter kurset.

Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her

Nyttige nettsider

Stoffskifteforbundet

Kontakt