Tid og stad
Når
Type arrangement
Kvar
Molde sjukehusKvifor delta på kurs
Med kurset ønsker vi at du skal få auka kunnskap om svimmelhet og balanseforstyrring, opptrening og korleis førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og meistring i det å leve med svimmelhet og balanseutfordringar.
Vi ønsker også at du skal få møte andre med same utfordrigar og utveksle erfaringar.
Innhald
Vestibulær rehabilitering består av eit sett med øvingar. Øvingane er enkle og skal gi deg eit lett ubehag som går raskt over.
Kurset går over 6 veker. Øvingane skal gjennomførast tre gonger om dagen og intensitet skal aukast kvar veke.
Praktiske opplysingar
Vi ber deg gi beskjed i god tid dersom det er spesielle behov vi skal ta omsyn til, for eksempel hørsel etc.
Ein kan kjøpe mat på sjukehuset.
Internettkurset er individuelt som du kan gjennomføre aleine. Gruppekurset er eit dagskurs med opplølging etter tre månader.
Vestibulær rehabilitering har dokumentert effekt om det blir gjort saman med fysioterapeut, i kombinasjon med internettkurs og fysioterapeut, eller med eit internettkurs ålene.
Rettar og eigenandel
Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset.
Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Nyttige nettsider
Kontakt
Nevrologisk avdeling
71 12 04 80