Du kan dra heim rett etter inngrepet. Før heimreise får du snakke med legen, som informerer deg om operasjonen og om eventuelle forholdsreglar. Sidan du er operert på leppe, skal du vere forsiktig med strekk på leppa, fordi såret kan sprekke opp. Oftast er det ikkje nødvending med sjukemelding.
Den sjølvoppløysande tråden som er brukt til å lukke såret, vil falle ut og forsvinne av seg sjølv.
Smertestillande
Lokalbedøvinga går ut etter eit par timar. Du kan trenge smertestillande nokre dagar etter operasjonen. Dersom du har smerter etter heimreise held det oftast med paracetamol tablettar. Følg dosering anbefalt på pakken frå apoteket.
Bløding
For å minske risikoen for bløding skal du unngå større fysiske anstrengelser i arbeid eller trening operasjonsdagen. Mat og drikke bør vere kroppstemperert eller kaldare for å minske ubehag og risiko for bløding.
Du bør vente med å ete eit par timar til lokalbedøvinga er gått ut.