Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Leppebiopsi

Spyttkjertelbiopsi blir utført ved nedsatt spyttproduksjon og det er sterk mistanke om underliggande sjukdom i spyttkjertlar.

Tilvising og vurdering

Dei fleste pasientane blir tilvist frå revmatolog, men nokre blir også tilvist frå ØNH-lege, fastlege og tannlege.

Før

Du bør vere frisk, ikkje ha oppkast eller feber. Ta kontakt om du er i tvil. 
 
Hygiene

For å minske risikoen for infeksjonar må du dusje og vaske håret kvelden før operasjonen.

Medisinar

Dersom du bruker Marevan må INR vere < 2,5 målt 1 - 3 dager før inngrepet. Andre blodfortynnande medisinar treng du ikkje å pause.

Operasjonsdagen

Du skal ta faste medisinar om morgonen som vanleg. Ta med deg ei liste over dei medisinane du bruker til sjukehuset. Sidan inngrepet vert gjort med lokalbedøving kan du ete frukost som vanleg operasjonsdagen. Det er fint om du ikkje har på deg sminke, smykke, ringar eller piercing.

Ved ØNH-poliklinikk blir du undersøkt av lege før operasjonen og grunnlaget for den planlagde behandlinga blir vurdert på nytt. Deretter blir du tatt imot av sjukepleiar.

Under

Operasjonen blir gjort i lokalbedøving, og operasjonstida varierer frå 15 til 30 minutt. Operasjonssår i munnen og på innsida av leppa blir sydd med sjølvoppløysande tråd. Spyttkjertlane som blir tatt ut blir sendt til analyse ved patologisk avdeling.

Etter

Du kan reise heim, eller på arbeid, rett etter inngrepet. Før heimreise får du snakke med legen, som informerer deg om operasjonen og om eventuelle forholdsreglar. Om du er operert på ei av leppene, skal du vere forsiktig med strekk på leppa, fordi såret då kan sprekke opp. Sjukemelding er ikkje nødvendig, bortsett frå eventuelt dagen inngrepet utførast. Du kan bli nummen i leppa etter operasjonen. Dette er nesten alltid forbigåande.

Smertestillande

Lokalbedøvinga går ut etter eit par timar. Du kan trenge smertestillande nokre dagar etter operasjonen. Dersom du har smerter etter heimreise held det oftast med smertestillande paracetamol tablettar. Følg dosering anbefalt på pakken frå apoteket.

Bløding

For å minske risikoen for bløding skal du halde deg i ro operasjonsdagen. Ikkje ta del i trening eller annan tung fysisk aktivitet operasjonsdagen.

Mat og drikke 

Operasjonsdagen skal mat og drikke vere avkjølt eller kald for å minske ubehag og risiko for bløding. Du bør vente med å ete eit par timar, til lokalbedøvinga er gått ut.

Vi anbefaler at du skyller munnen med vatn etter måltida i nokre dagar, slik at matrestar ikkje festar seg i såret.

Svar på biopsien

Når svaret på analysen av spyttkjertelprøvane kjem tilbake til oss, sender vi det videre til henvisande lege. Svar og eventuelt videre kontrollar får du hos den som har tilvist deg.

Sist faglig oppdatert 22.03.2024

Kontakt

Ålesund sjukehus ØNH-poliklinikk og operasjonsstove Ålesund
Ventetid: 10 uker

Ventetid: 10 uker

Kontakt ØNH-poliklinikk og operasjonsstove Ålesund

Oppmøtestad

1. etasje, fløy KØ. Meld deg i luke 3.

Pasientar som skal til operasjon skal også melde seg i luke 3, dersom anna ikkje er avtalt.

Hovudinngangen sett frå utsida.

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Transport

Parkering

Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.

Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning. 

Oppdaterte prisar for parkering finn du på sunnmoreparkering.no

Betalingsalternativ
  • Parkly-appen. Registrer bil og betalingskort i appen for automatisk trekk. 
  • Parkeringsautomat med betaling før utkøyring. Parkeringsautomaten finn du i 1. etasje i parkeringshuset, like ved hovudinngangen til sjukehuset. 
  • Faktura. Ver merksam på fakturagebyr. 
  • På nett innan 48 timar. Gå til sunnmoreparkering.no
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering

HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget. 

Oversikt over sjukehusområdet

Oversikt over sjukehusområdet - Ålesund sjukehus
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.  

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet

Hovudinngang Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5D
Administrasjonsbygget
Åsehaugen 1b
Akuttmottak
Åsehaugen 5C
Apotek
Åsehaugen 5A
Audiopedagogen
Åsehaugen 9
Dagkirurgi aust
Åsehaugen
Barne- og ungdomsavdelinga
Åsehaugen 11
Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Geilebergvegen 20
Døgnseksjonen psykisk helsevern for barn og ungdom
Geilebergvegen 16
Habiliteringsbygget
Åsehaugen 3
Kreftavdelinga
Åsehaugen 17
Psykiatribygget
Åsehaugen 7A
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Geilebergvegen 20
Åse hotell
Åsehaugen 7
Åsebøen 1
Åsebøen 5

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. 

Fly

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Ventetid

10 uker til utredning

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell

 

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved  hovudinngangen.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Kafé

Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

Du finn oss​ i 1. etasje, fløy M. Velkomen!

Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kios​k

I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 
Opningstider:
  • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
  • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
  • Raude dagar: 10.00 - 18.00

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.