Kva sort matvare som skal testast og i kva form den skal bli gitt, skal avtalast på førehand.
For eit reelt og vellukka resultat er det viktig å ikkje ta antihistaminar som Zyrtec, Aerius, Cetirizin, Xyzal, Vallergan, Phenamin med fleire dei siste sju dagane før undersøkinga.
På testdagen skal du vere frisk, dvs. ikkje vere forkjølt, ha astmasymptom eller feber. Eksem bør vere så godt kontrollert som mogleg. Du bør ikkje ha pågåande utbrudd av elveblest. I så fall må testen utsetjast.
Er du sjuk, har nedsatt allmenntilstand eller brukar antibiotika, så ta kontakt med vår ekspedisjon.
Du kan ete ein lett frukost med trygge matvarer seinast klokka 07.00 på testdagen.