Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Medikamentprovokasjon for barn og unge, Ålesund
Dette er ein test for å finne ut om barnet eller ungdommen får ein allergisk reaksjon mot eit medikament.
Før
Du skal ikkje nytte
allergimedisinar (antihistaminar) den siste veka innan testen,
kortison (prednisolon) 24 timer innan testen,
fuktighets- eller kortisonkremer på armane testdagen.
Du må være frisk på dagen for undersøkinga, og ikkje vere forkjølt, ha feber eller liknande. Testen blir utsett om du er sjuk.
Du blir tatt imot av ein sjukepleier som forklarer deg kva som skal skje. Sjukepleiaren tar pulsen og måler blodtrykket ditt. Det blir også tatt ein pusteprøve, kalla spirometri.
Du får medisinane gjennom munnen, og et et og svelg dei. Provokasjonar på medikamenta gjennom munnen blir utført av sjukepleiar, og medikamentet får du vanlegvis i to opptrappande dosar.
Når vi testar allergi mot antibiotika skal barnet/ungdommen halde fram med behandlinga med to doser antibiotika, i fire dagar etter testen. Det gjer vi for å oppdage eventuelle seinreaksjonar.
Etter
Du må vere på sjukehuset i to timar etter testen, nokre gonger lenger om det er behov for det.
Kontakt
Ålesund sjukehusPoliklinikk barn og ungdom Ålesund
Passasjen parkeringshus opnar mandag 8. desember kl 11.00. Denne dagen er det gratis parkering for besøkande.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.