Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Mannitol/Metakolin provokasjon
Metakolintest for barn og unge, Ålesund
Undersøkinga blir nytta i utgreiing av mistenkt astma.
Før
Dersom du dei siste 2 vekene har hatt, eller har ein pågåande luftvegsinfeksjon med feber eller er tydeleg forverra av astmaen din, vil det vere aktuelt å utsette testen. Det same dersom du nyleg har hatt store allergiske plager. Det er for at resultatet av testen skal bli mest mogleg rett.
Ved denne testen må det vere opphald av følgande medisinar før testen (dersom ikkje anna er avtalt med lege på førehand):
Montelukast/Singulair: 4 døgn
Antihistamin som Cetirizin/Zyrtec, Aerius, Clarityn, Tavegyl, Polaramin m. fleire: 72 timar
Mannitol eller metakolin er stoff som kan gi samantrekking i luftvegane (som ved astmatisk bryderi). Dette skjer lettare hos personar med astma. Testen avklarer grad av over-reaktivitet i luftvegane.
Testen startar med ein spirometri.
Deretter kan du inhalere Mannitol (pulver) eller metakolin (damp) i aukande dosar med ny spirometri mellom kvar dose. Testen blir avbroten når det det blir klart fall i lungefunksjon, ved symptom eller dersom det ikkje blir vist noka endring på høg dose (negativ test).
Ved fallande lungefunksjon blir det vanlegvis gitt astmamedisin etterpå (for eksempel Ventoline) og vi kontrollerer at lungefunksjonen blir normalisert.
Etter
Formålet med testen er å måle kor mykje/lite som skal til for å få ein astmaliknande reaksjon i bronkiane. Nokon vil få symptom på dette, andre kjenner ingenting. Etter å ha fått vanleg astmamedisin skal lungefunksjonen vere normalisert og det er ikkje vanleg med plager etter at testen er fullført. Nokre få vil i etterkant av testen ha behov for meir medisin enn vanleg på grunn av symptom.
Resultatet av undersøkinga vil som regel bli gitt i samanheng med legekonsultasjonen i etterkant.
Sist faglig oppdatert 16.02.2026
Kontakt
Ålesund sjukehusPoliklinikk barn og ungdom Ålesund
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Det er også besøksparkering mellom kreftavdelinga og barne- og ungdomsavdelinga.
Parkeringa blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Kafé
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.