Du får nærmare informasjon i innkallinga du mottek i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.
Førebuing heime
Ta ei tube Toilax miniklyster, den dagen du skal undersøkast, ein time før avreise heimanfrå.
På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller legen som tilviser deg til undersøkinga, på førehand vite om du har:
- Pacemaker/ICD, nevrostimulator
- Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
- Operert metall i kroppen (til dømes klips på blodkar, shunter i hovudet, proteser, splinter, stentar og graft)
- Tatoveringar
- Er gravid
Klokker, høyreapparat, tryggleiksalarm, bank- og kredittkort kan bli øydelagde av magnetfeltet og må difor ikkje vere med inn i undersøkingsrommet. Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke takast bort før undersøkinga startar.
Dersom du tek medisinar skal du ta dei på vanleg måte.
Om du ammar ber vi om at du ringer oss.
Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen din om smertestillende/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.
Førebuing på sjukehuset
Når du skal undersøke bekkenområdet, kan det vere nødvendig å setje ei sprøyte med eit stoff som får tarmen til å slutte å bevege på seg ei lita stund. Det finst ulike medisinar og personalet vil tilpasse dette for kvar enkelt pasient. Tarmbevegelsar kan elles gi forstyrringar i bileta.
Har du klaustrofobi?
Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga.
Du kan ringe oss dersom du trur dette blir eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på.
MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel
I nokre tilfelle må vi sette MR-kontrast i ei blodåre. Ei plastnål (venekanyle) vert lagt inn i ei blodåre.
Dersom det kan vere aktuelt å gi deg kontrast i samband med undersøkinga, skal legen din bestille nyrefunksjonsprøve (blodprøve) av deg mindre enn 30 dagar før undersøkinga.