Under ei MR-undersøking ligg den som blir undersøkt i eit svært sterkt magnetfelt samtidig som radiofrekvente bølger blir sendt gjennom kroppen. MR-maskina tar i mot signala, og informasjonen frå desse signala blir brukt til å framstille digitale bilde. Du må halde pusten når du tar MR-undersøking av galle og bukspyttkjertel.
Du skal faste (ikkje ete og ikkje drikke) i fire timar før undersøkinga.
Slik som ved andre MR-undersøkingar skal ein ikkje ha metall på seg ved undersøkinga. Dersom ein har innoperert metall er det ikkje sikkert at ein kan gjennomføre undersøkinga. Dette er avhengig av type og plassering.
Undersøkinga krev at du ligg roleg og klarer å halde pusten.