Kvileundersøking
Undersøkinga utføres på nukleærmedisin.
Du får ein kanyle i arma, og gjennom denne får du det radioaktive stoffet i blodet. Du skal sitte i ro. Det radioaktive stoffet blir tatt opp av hjartet ditt og vil vise korleis blodforsyninga til hjartet ditt er når du kviler.
Stressundersøking
Undersøkinga utføres på hjarte poliklinikken.
Du får ein kanyle i arma, og gjennom denne set vi stoffet/legemidlet. Du får leidningar kopla til overkroppen, slik at vi kan følge med på hjarterytmen din. Vi følger også med på blodtrykket ditt. Vi set det radioaktivt merka stoffet når hjartet er tilstrekkeleg belasta. Hjartet tar opp stoffet og viser korleis blorforsyninga til hjartet er under belastninga. Belastinga held fram ei lita stund til etter at stoffet er sett inn.
For begge undersøkingane
Blir utført på nukleærmedisin.
Ventetida frå vi set inn stoffet til vi tek bileta, kan vere frå 30-90 minutt. For å få betre kvalitet på bileta, får du beskjed om å drikke/ete noko mens du ventar. Vi tar bilete av hjartet med eit gammakamera eller ein SPECT/CT. Du får leidningar kopla til overkroppen, slik at vi kan registrere hjarterytmen din. Billedtakinga tek 15-30 minutt. Du må ligge stille under billedtakinga.

SPECT/CT. Foto: Sykehuset Østfold